U-kull

14. feb, 2017

Tarro er klar til å flytte til sin nye heim i Seimdalen. Han gledar seg til å komme på ny eventyr.

27. jan, 2017

Då har alle fått navn i Norsk kennel klubb og fått sine reg. nr.

Hannhundane heiter:

Irta's Unique Baltazar, Irta's Utrulege Tarro, Irta's Utico og Irta's Uno(gul)

Tispene heiter:

Irta's Usha, Irta's Ulyssa, Irta's Ultima, Irta's Utopia og Irta Uzzi ( gul)

 Så gjenstår det å finne ut kven som skal heite kva, når eg bestemmer kor dei ulike kvelpane skal. Det gjer vi når dei er 7 veker og vi skal gi dei chip hos veterinær.

 

 

 

27. jan, 2017

Kvelpane vekst og trivst godt. Dei utforskar stadig meir og er aktive, sosiale og nysgjerrige små kvelpar. Dei et mat og kosar seg gjerne lenge i matfatet. Dei er starta å vera ute å eta og difor gjer dei frå seg så snart maten er eten ute. Så vi er allerede godt igang med reinslegheitstreningen.

 

På grunn av helsesituasjon til kommande kvelpekjøpar og påfyljande operasjon, må dei dessverre vente med kvelp og det er difor ei ledig svart tispe i dette kullet til salgs.

Ta gjerne kontakt med meg på telefon dersom du skulle vera interessert i ei aktiv tispe frå oss.

 

13. jan, 2017

Alle 9 har opna augene og er starta å høyre lydar frå oss og omgivnadene. Dei har flytta ut på vakserommet og fått meir plass til å bevege seg på etter at eit par av dei svarte gutta stadig klatra over kvelpekassen.

Dei er no starta ete mat og kosar seg med bading i maten fleire gonger for dagen.

2. jan, 2017

22 desember kom 9 kvelpar til verden . Alle 9 var pigge og raske og både mor og barn har det bra.

5 tisper ( 1 gul og 4 svarte)

4 hannar ( 1 gul og 3 svarte)