19. jun, 2017

8 store kvelpar

Natt til 8 juni kom det på keiserleg vis 8 svære kvelpar. Det starta så flott, men ei flott oppblokkingstid og alt såg så bra ut, men det stoppa med det. Lea hadde kraftige veer, men det kom ikkje nokon kvelp ut.

Det viste seg at det var ein svær kvelp som sat fast i bekkenet og kom ikkje lenger. Det enda med keisersnitt og ut kom 8 store flotte kvelpar som har etter den tid vorte kalla for "flodhestane" våre.

Det vart født 6 hannhundar (2 gule og 4 svarte)

2 tisper( ei gul og ei svart)

Slik det ser ut no, ha me nok kjøparar til alle i dette kullet.