12 veker

No er alle unnateke Waldemar reist til sine nye heimar. Gjengen er allereide 12 veker og Waldemar har allerede fått sin 12 vekers vaksine og ein markkur. Han kosar seg saman med flokken vår her heime og er ein skikkeleg koseklump.

Han ser etter ein familie som vil ta han med på utstiling, trene jakt eller spor, gjerne litt lydigheit. Han er ein spesiell gutt for oss, så¨vi selger han kun til dei som er interessert i å stille han ut og trene.

Han blir her til vi måtte finne den rette familien til han.

 

 

 

Leveringsklare W-gjeng

Kvelpane er no 8 veker og dei første har allerede reist til sine nye familier. Resten av gjengen kosar vi oss med.

Irta's Wild and Free, " Maja" var den første som reiste og tok turen til Haugesund.

Irta's Wikipedia "Lexie" reiste rett etter og hadde ikkje så lang tur heim med familien til Naustdal.

Irta's Weldon Olivier "Ollie" reiste til Bergen og har mange hundevenner i familien som han kan kose seg med.  Han har "tante" Nataleah frå vårt N-kull og ei søt Golden-dame som sine næraste. Damene kjem nok til å oppdra han i beste meining.

Irta's Walaby- hopper fortsatt rundt her og venter på den rette for han

Irta's Willdo - reiste til Elverum med håp om å kunne bli redningshund for mor i huset... Men etter henting, så trur eg nok at det er ein "pappagutt"...

Irta's Wishyou- reiste til Oslo for å bli familens midtpunkt og er ikkje i tvil om at eg kjem til å få oppdatertingar over alt som de får til etter kvart.

Irta's Waldemar- selges til spesielt interesserte.

Irta's Walborg- reiser til Drammen

Maten vert servert ute

Uteservering

Etter ein lang periode med regn, regn atter regn er det endeleg litt mogleg å ha kvelpane ute. No er dei ute til kvart måltid og et maten sin. Deretter er det dotrening og alle virkar til å vere flinke til å gjere frå seg ute.

Sovetid

Alle kvelpane har lært seg å komme seg opp i bia beden no:-)

Kosetid

Vår datter er rask å finne seg plass mellom kvelpane om anledningen byr seg.  Alle kvelpane er starta verte sosiale og lograr med halen når vi kjem for å kose. Klatrar opp og kosar.

1 aug

Tispe med kvit flekk som tek seg ein ryggkvil. Veldig lik sin pappa her....

Kvelpane veks og har det bra. Alle får godt med mat av Tesla og søv fornøgde i kassen.

W-kull

Natt til 10 juli kom det 8 svarte kvelpar her hjå oss etter Ciboria's Queen Irta og Irta's Filiocus.

Alle kvelpane er svarte og det vart født 5 svarte hannhundar og 3 svarte tisper.

Ta gjerne kontakt om du er interessert i ein svart labradorkvelp frå oss. Vi prioriterer dei som har planar for trening med hunden sin og er interessert i å legge masse tid i det å få seg ein aktiv labradorkvelp.