Etter: CH & Swiss J.CH Tintagel Winds Xanadu - SW CH & NO CH SW-11 Smart Fellow´s The New Blonde

Reg nr: SE20300/2011
Født: 13.02.2011
HD- fri ( A) og
AD-fri (A) 
Øyne:u.a 16.11.2013
PRA:Optigen-Clear by parents


Utstilling: Excellent og CK.

3 X BIR og BIG valp; 1 X BIS 3 valp

Blodspor: 3 X 1.premie, 3. beste hund Norks og svensk Viltsporchampion

 

Kimsy på jakttrening

Apporterer meget godt både dummy og vilt. Ho elskar apportering, men vi må jobbe meir med lydigheiten rundt dummyer om vi skal komme oss på prøve. Vi er god på knalling, bading og apportering rett heim til mor:-) Litt vel ivrig kan ein sei.

Men vi skal no trene, både for moro og ein kvalifiseringsprøve må vi jo ta sikte på.

Kimsy i kvardagen

Ja sofahund, sansen for det mjuke underlag. Gjerne 3 puter frå sofaen oppå kvarandre med Kimsy på toppen. Litt prinsessa på erten-tendensar.
Lydig og grei, ein kan ha ho med seg overralt, alle berre likar Kimsy.
 
Ho er det gule gullet i huset, set seg ved føtene til alle som kjem på besøk for litt kos, eller krabbar opp i fanget sjølv om ho etter kvart er over 30 kg. Ein gong liten alltid liten.

Kimsy på utstilling

Kimsy er stilt på utstilling og har som sitt beste resultat oppnådd Excellent og CK.

 Då Kimsy var kvelp oppnådde ho på 3 dagar. 3X BIR og 3 X BIG og 1X BIS3.

Kimsy på spor

Kimsy debuterte på sporprøve med 1.premie og vart 3. beste hund på prøven. Etter dette tok vi vår 2 førstepremie på ordinær prøve. September 2014 tok Kimsy sin siste 1.premie for å verte Norsk Viltsporchampion, så då klarte vi dette målet for 2014. Kimsy er både norsk og svensk Viltsporchampion.

Kimsy er ein meget spornøyen hund å jobbe med og går med ein ro og kontroll som ein skal leite lenge etter. Eg gledar meg til å jobbe  og konkurrere vidare med henne.

Kimsy som avlshund

Kimsy er mor til vårt M-kull som vart født 7 april 2013 etter vår eigen Vinni og vårt Q-kull som vart fødd i 2015 etter vår eigen Zero.

Sjå kulla si eiga sida for meir informasjon.

Kimsy som turhund

Kimsy elskar tur i skog og mark. Ho er enkel å halda i aktivitet og likar leik og spenning når vi trener.  Ho er atletisk og elskar springe i skogen. Ho har fullstendig badedilla og dykkar, stuper, hoppar og svømmer. Uredd og gal i vann.

Kimsy held alltid kontroll med kvar du går og er enkel å ha med seg overalt. Ho er berre snill og grei:-)

 

Kimsy på lydigheit

Vi har kun trena kvardagslydigheit og enkle moment. Kanskje kan det bli til ein lydigheitskonkurranse, kven veit? Eg trenar litt rally-lydigheit med henne for moro.

Kimsy er lettlært og serdeles ivrig etter å lære og jobbar iheldig for ein godbit... Ja ho er jo eit matvrak, så gjer no det meste for en godbit...

 

 

 

Kimsy som liten