Torsdag 15. desember

Ei travel tid i desember, med mykje jobbing. Men bonusen er å ha litt ekstra tid til kvelpekull etter nyttår  med mykje tid heime.
Neste veke leverer eg eksamen i coaching som eg i tillegg har studert i haust og då er det berre å plukke fram julepynten å kose seg saman med hundar, familie og venner i jula.
Her blir det ei hunderik julehelg. Vi skal i tillegg til dei som til vanleg er heime ha 3 ekstra hundar pga reiser, sjukdom og kvelpekull..... Men vi er jo også så heldige at de stiller opp for oss når vi har lyst på ei reise, så det lønnar seg i lengden, sjølv om det vert travelt...

Vi får satse på litt snø til jul, slik at hagen vert rein å fin og vi slepp dette søleføret som det akkurat er no.. La jula komme.

Søndag 30.oktober 2011

Torsdag var J-kullet eit år gamalt og den første har allereide vore til røntgen, så  no kryssar me fingre for at det skal gå flott med dei alle sammen.
Her er det "stille" i huset att etter at den siste kvelpen reiste på onsdag, det vil sei med 3 hundar under 1 år er det vel kanskje å ta i å kalle det stille.
Det forundrar meg kvar gong kor mykje arbeid det er med ein kvelp åleine, ta med her og der, ta med på jobb, ut å tisse, ups inn å tisse osv....

Vesle Milla har teke oss med storm og er minstejenta no. Kimsy meiner det er feil, for ho er minst, mens Baluba meiner ho er i kvalifiseringen til å bli meir voksen... Ian meiner jentene masar litt vel mykje her heime på han og syns det til tider er slitsomt som aleinegutt her heime. Kanskje eg må skaffe ein hannhund til frå neste kull, ein kompis til Ian? Kem veit, satse på at sambuaren min ikkje er inne ofte å lese her, for ikkje alle plana eg fortelle til han..heheh

onsdag 12 oktober

Da har eg fått ut bildene av gutta også på K-kullet si side. Ikkje alle som var like tolmodige når dei vart stilt opp, men det vart no bilder at alle 4:-)

søndag 09.oktober

Vi har fått fotografert bilder av jentene i k-kullet og gutta står for tur om ikkje så lenge, men må ta det litt i posjonar da dette krev at eg får med meg nokon til å hjelpe meg med kamera.

Jentebildene er lagt ut på k-kulle si side.

Mandag 03 oktober

Endeleg ein ettermiddag med litt oppholdsvær som gjer at eg kan få teke nokre bilder av dei søte små. Dei kosar seg i hagen og leikar med tante - Kimsy.

fredag 30 september

Filiocus tok sin 3 1.premie på bevegeleg sporprøve i Vestfold idag og vart dermed Viltsporchampion!!.
Iris gjekk på sin første sporprøve og fekk 1.premie:-)

Etter vi var ferdig med sporprøve reiste vi å øyenlyste Ian, Vinni, Iris og Filiocus og alle var frie og fine:-)

onsdag 21 september

K-kullet si side er oppdatert med nye bilder og utvikling. Dagane berre flyg med slike søte små i huset:-) Kosleg.

Fredag 16. september

Eg har oppdatert K-kullet si side.

Søndag 11. september

Her veks dei 8 små for kvar dag som går. Alle ser og høyrer. Det vert stadig meir liv i "bingen". Dei har flytta på vakserommet for meir plass til å leike på. Tennene er no på veg opp og maten går ned på høgkant.
Alt er berre bra med alle 4-beinte sjølv om to-beinte ligg rett ut med haustens forkjølelse ink. feber....

søndag 28 august.

Eg har lagt inn ein del nye bilder i albumet mitt med bilder frå vår hundeferie i Nord-Norge.

Alt står bra til med kvelpar og alle hundane her. Det er travle dagar med hundetrening, tur i skog og mark.Været er ikkje noko å skryte av så det luktar vel konstant våt hund her hjå oss.

onsdag 24 august

Fredag 19 august kom 8 flotte store svarte kvelpar til verden her på kennel Irta. Stolt mamma Bia er kjempeflink. Her går det i foring og mating for hennas del. Dei er fornøgde og søv og kosar seg dagen lang. Bia er selskapsjuk og storkosar seg med å ha fått "kongeplassen" i stova framfor tv-en der vi har plassert kvelpekassen.

Her kosar store og små seg. Dei veks enorm fart og har allerede snart dobla fødselsvekta si.

Tirsdag 23 august

Vi reiste til Lofoten på trippelutstilling i Leknes den 5-7 august.
Med oss hadde vi Kimsy, Baluba, Ian, Vinni og Iris.
Ei heilt fantastisk helg for oss her på kennel Irta.
 
Fredag for dommer Gunnilla Skallmann, Sverige.
BIR, BIG 3 med CERT Irta's Irissiri " Iris"
BIM, CERT til Kjærskov Black Askær " Ian"
BIR valp, BIG valp Smart Fellow's Spreads The News "Kimsy"
CK og res CERT til Irta's Ivinnir " Vinni"

Laurdag for dommer Hassi Assenmakker, Tyskland
CERT til Irta's Ivinnir "Vinni"
BIR valp og BIG valp til Smart Fellow's Spreads The News "Kimsy"

Søndag for dommer Per Iversen, Norge
CERT til Irta's Ivinnir "Vinni"
BIR valp, BIG valp og BIS 3 valp til Smart Fellow's Spreads The News "Kimsy

søndag 17 juli

Bia har alle tegn på at ho er drektig og vi er starta sjå ein liten mage. Vi gleder oss til å kunne ta imot K-kullet i midten av august.

laurdag 16 juli

Ja galskapen har ikkje teke sommarferie. I dag stod eg opp 06.30 får å komme meg til sunnmøre før lunsjtider. Var på Stranda til 10.45 og plukka opp Britt som har Murikollen kennel og vi skulle til Sykkulven for å trene jakttrening.

Eg var så heldig å få kunne trene saman med Britt og Ann- Olaug skulle dømme meg på kvalifiseringsprøve.
Prøven gjekk kjempefint og Ian har no bestått kvalifiseringsprøven og vi er påmeldt vår første jaktprøve.. Spennande tider.
Nå må vi fortsette å trene og har mange momenter som vi må jobbe med framover.

Så slik gjekk dagen. 12 timar på farten, 8 timar i køyring og 3 timar trening+ litt mat og tissepausar. Eit fantastisk ver og ein rett og slett nydeleg dag.

laurdag 25.juni 2011

Filiocus har teke sitt andre CERT på utstilling på Nordfjordeid 25.06.2011 for dommer Filip Johnsson. I tillegg har Vinni fått sin første CK og res. CERT same stad for dommer Jan Roger Sauge.

I tillegg har Iris og Ian begge fått 2 x Excellent
Kimsy har også vore på sitt første valpeshow, men vart slått av vår eigen Baluba begge dagar.

laurdag 25.juni 2011

Baluba har vore på sitt første valpeshow på Nordfjordeid 25.06.2011.
Ho vart BIR valp og BIS4 for dommer Filip Johnsson.

Dag 2 for dommer Jan Roger Sauge vart Baluba BIM

søndag 19 juni.

Irta's Fobia er parra med NCVH Kjærskov Black Askær og vi håpar på kvelpar i midten av august. Vi ventar svarte kvelpar.

søndag 19 juni

Forrige helg var vi på sporprøve med Ian og Filiocus på Torpa og i Vågå.
Kjemperesultater. Ian fekk 1. premie m/ HP på søndagen og prøvens 3. beste.
I tillegg fekk han sin tittel denne dagen og er no NVCH:-) Må berre vente til bekreftinga kjem frå NKK på dette.

Filiocus fekk 1.premie både på laurdag og på søndag og er langt på veg til sin tittel han også.

Torsdag 2 juni

Filiocus vart no med ein periode heim her og skal vera her til slutten av juni før Gro kjem å hentar han. Eg har meldt han på nokre sporprøvar og 2 utstillingar. Så no finpussar vi sportreninga frå i fjor og prøver iveg. Har eit mål å få eit sporchampionat med han også.
 
Han er "grunntrena " og har gått til premiering før, men vi pussar og kastar oss iveg. Vi kryssar fingrar for at vi kjem med på ein del prøvar og at vi kan klare å skaffe oss litt resultat etter kvart.

torsdag 02. juni

Då har eg og Johann hatt oss ei veke på Kefalonia med sol og varme:-)

Men vi har klart premieringer likevel. Eg hadde meldt på Ian til sporprøve på Eid og mi vennine Elin Anita stilte opp som "reserveførar" og dei gjekk til ein
 1. premie på spor:-) Supert å få slike smsar når ein er på ferie.

Vi manglar no "kun" ein 1.premie så har vi nådd målet om eit viltsporchampionat på Ian:-)


Søndag 15 mai

Var på årets første sporprøve idag. Eg var skikkeleg spent før dagen, det er spennande å starte med ny hund som skal debutere.
Trekninga gjekk unna og vi skulle starte som nr 5. for min dommer i pulja. Vente - Vente....
Endeleg var det vår tur. Ian veit kva han skal og det går avgårde. Kjempeflott spor og stolt av danskegutten min Ian. Han løyste oppgåvene sine idag og vi fekk ein flott 1.premie.
Både hund og førar var stolte når dei kom i mål:-) Herleg dag.

mandag 2.mai

I kveld har eg vore på stranda med Kimsy og Baluba. Her var det mykje spennande for dei begge to. Tang, tare, kongler, blåsjell, kvistar og anna moro. Vatn i bevegelse skal fangast og sanden skal gravast i, steinar skal snuast på. Mykje moro for to unge hundar.

mandag 2.mai

  går kveld tok eg mot til meg å melde på Ian på sine fyrste sporprøvar. Etter eit meget godt treningsspor bestemte eg meg for å hoppe i det.  Så no får vi sjå om treninga har gitt resultat både for hund og førar, eg gledar meg til å starte på prøve med ny hund og ikkje minst med Ian. Han er ein kjempeflink og ivrig sportrening, spørsmålet er berre om vi har fått nok mengdetrening. Men den som intet våger intet vinner heiter det, så pyttsann

laurdag 23 april

I to dagar har eg hatt minisporkurs og det har gåt kjempeflott. Både Irta's Jupiter og Irta's Irissiri med førarar har vore med. Dei er begge kjempeflinke og ivrige på spor og det lovar godt for vidare trening.

Eg har gått med min Ian og Johann har gått med Baluba. Så her har vi gått inn i påsken med slitne hundar og førarar. Lurer på om eg skal melde på Ian på prøve i mai, men må¨tenkje meg om nokre gonger til og få eit treningsspor til før eg gjer meg opp ein endeleg meining.

Mandag 11. april

Ønsker vesle Kimsy velkommen til Norge. Tusen takk til Yvonne Westerlund på Smart Fellow kennel som lot meg kjøpe vesle Kimsy.
 
Takk til Ulrica som har søster Kira som eg fekk samkøyre gjennom halve Sverige tur / retur når eg skulle henta henne. Takk til Gro som var med for å hente valpen og selskapsdame under turen. Takk til Anette for overnatting i Sandvika. Takk til Johann, min kjære samboer som lurte på om eg ville ha den valpen og som var heime med dei andre hundane mens eg var på reise. :

laurdag 2 april

Eg har lagt til fleire bilder i fotoalbumet

Søndag 27. mars

Bia har idag reist på påsketreningsferie hjå Rune, Marthe og Malin på Indre Hafslo. Rune skal trene Bia på blodspor og Mathe skal trene på stå til utstilling. Gleda meg til å sjå korleis resultatet blir. Ynskjer Dykk uansett lykke til og veit at de får til detta. Dei har hatt kvelp frå meg tidlegare, Irta's Canine Maxi, men som dessverre døde i 2010.

Søndag 20 mars

Då er eg på plass med ny adresse og ny layout på heimesida. Ville ha ei enkel side med lett tilgjengeleg oppdatering. Så det satsar eg på at eg har fått til no.