Torsdag 15. desember
Neste veke leverer eg eksamen i coaching som eg i tillegg har studert i haust og då er det berre å plukke fram julepynten å kose seg saman med hundar, familie og venner i jula.
Her blir det ei hunderik julehelg. Vi skal i tillegg til dei som til vanleg er heime ha 3 ekstra hundar pga reiser, sjukdom og kvelpekull..... Men vi er jo også så heldige at de stiller opp for oss når vi har lyst på ei reise, så det lønnar seg i lengden, sjølv om det vert travelt...🤭
Vi får satse på litt snø til jul, slik at hagen vert rein å fin og vi slepp dette søleføret som det akkurat er no.. La jula komme.
Søndag 30.oktober 2011
Her er det "stille" i huset att etter at den siste kvelpen reiste på onsdag, det vil sei med 3 hundar under 1 år er det vel kanskje å ta i å kalle det stille.
Det forundrar meg kvar gong kor mykje arbeid det er med ein kvelp åleine, ta med her og der, ta med på jobb, ut å tisse, ups inn å tisse osv....
Vesle Milla har teke oss med storm og er minstejenta no. Kimsy meiner det er feil, for ho er minst, mens Baluba meiner ho er i kvalifiseringen til å bli meir voksen... Ian meiner jentene masar litt vel mykje her heime på han og syns det til tider er slitsomt som aleinegutt her heime. Kanskje eg må skaffe ein hannhund til frå neste kull, ein kompis til Ian? Kem veit, satse på at sambuaren min ikkje er inne ofte å lese her, for ikkje alle plana eg fortelle til han..heheh
Fredag 16. september
Eg har oppdatert K-kullet si side.
Søndag 11. september
Alt er berre bra med alle 4-beinte sjølv om to-beinte ligg rett ut med haustens forkjølelse ink. feber....
søndag 28 august.
Alt står bra til med kvelpar og alle hundane her. Det er travle dagar med hundetrening, tur i skog og mark.Været er ikkje noko å skryte av så det luktar vel konstant våt hund her hjå oss.
onsdag 24 august
Her kosar store og små seg. Dei veks enorm fart og har allerede snart dobla fødselsvekta si.
Tirsdag 23 august
Vi reiste til Lofoten på trippelutstilling i Leknes den 5-7 august.
Med oss hadde vi Kimsy, Baluba, Ian, Vinni og Iris.
Ei heilt fantastisk helg for oss her på kennel Irta.
Fredag for dommer Gunnilla Skallmann, Sverige.
BIR, BIG 3 med CERT Irta's Irissiri " Iris"
BIM, CERT til Kjærskov Black Askær " Ian"
BIR valp, BIG valp Smart Fellow's Spreads The News "Kimsy"
CK og res CERT til Irta's Ivinnir " Vinni"
Laurdag for dommer Hassi Assenmakker, Tyskland
CERT til Irta's Ivinnir "Vinni"
BIR valp og BIG valp til Smart Fellow's Spreads The News "Kimsy"
Søndag for dommer Per Iversen, Norge
CERT til Irta's Ivinnir "Vinni"
BIR valp, BIG valp og BIS 3 valp til Smart Fellow's Spreads The News "Kimsy
laurdag 16 juli
Eg var så heldig å få kunne trene saman med Britt og Ann- Olaug skulle dømme meg på kvalifiseringsprøve.
Prøven gjekk kjempefint og Ian har no bestått kvalifiseringsprøven og vi er påmeldt vår første jaktprøve.. Spennande tider.🙃
Nå må vi fortsette å trene og har mange momenter som vi må jobbe med framover.
Så slik gjekk dagen. 12 timar på farten, 8 timar i køyring og 3 timar trening+ litt mat og tissepausar. Eit fantastisk ver og ein rett og slett nydeleg dag.
laurdag 25.juni 2011
I tillegg har Iris og Ian begge fått 2 x Excellent
Kimsy har også vore på sitt første valpeshow, men vart slått av vår eigen Baluba begge dagar.
søndag 19 juni
Kjemperesultater. Ian fekk 1. premie m/ HP på søndagen og prøvens 3. beste.
I tillegg fekk han sin tittel denne dagen og er no NVCH:-) Må berre vente til bekreftinga kjem frå NKK på dette.
Filiocus fekk 1.premie både på laurdag og på søndag og er langt på veg til sin tittel han også.
Torsdag 2 juni
Han er "grunntrena " og har gått til premiering før, men vi pussar og kastar oss iveg. Vi kryssar fingrar for at vi kjem med på ein del prøvar og at vi kan klare å skaffe oss litt resultat etter kvart.
torsdag 02. juni
Men vi har klart premieringer likevel. Eg hadde meldt på Ian til sporprøve på Eid og mi vennine Elin Anita stilte opp som "reserveførar" og dei gjekk til ein
1. premie på spor:-) Supert å få slike smsar når ein er på ferie.
Vi manglar no "kun" ein 1.premie så har vi nådd målet om eit viltsporchampionat på Ian:-)
Søndag 15 mai
Var på årets første sporprøve idag. Eg var skikkeleg spent før dagen, det er spennande å starte med ny hund som skal debutere.
Trekninga gjekk unna og vi skulle starte som nr 5. for min dommer i pulja. Vente - Vente....
Endeleg var det vår tur. Ian veit kva han skal og det går avgårde. Kjempeflott spor og stolt av danskegutten min Ian. Han løyste oppgåvene sine idag og vi fekk ein flott 1.premie.
Både hund og førar var stolte når dei kom i mål:-) Herleg dag.
mandag 2.mai
laurdag 23 april
Eg har gått med min Ian og Johann har gått med Baluba. Så her har vi gått inn i påsken med slitne hundar og førarar. Lurer på om eg skal melde på Ian på prøve i mai, men må¨tenkje meg om nokre gonger til og få eit treningsspor til før eg gjer meg opp ein endeleg meining.
Mandag 11. april
Ønsker vesle Kimsy velkommen til Norge.🤩 Tusen takk til Yvonne Westerlund på Smart Fellow kennel som lot meg kjøpe vesle Kimsy.
Takk til Ulrica som har søster Kira som eg fekk samkøyre gjennom halve Sverige tur / retur når eg skulle henta henne. Takk til Gro som var med for å hente valpen og selskapsdame under turen. Takk til Anette for overnatting i Sandvika. Takk til Johann, min kjære samboer som lurte på om eg ville ha den valpen og som var heime med dei andre hundane mens eg var på reise. :😘😘
laurdag 2 april
Søndag 27. mars
Bia har idag reist på påsketreningsferie hjå Rune, Marthe og Malin på Indre Hafslo. Rune skal trene Bia på blodspor og Mathe skal trene på stå til utstilling. Gleda meg til å sjå korleis resultatet blir. Ynskjer Dykk uansett lykke til og veit at de får til detta. Dei har hatt kvelp frå meg tidlegare, Irta's Canine Maxi, men som dessverre døde i 2010.
Søndag 20 mars
Då er eg på plass med ny adresse og ny layout på heimesida. Ville ha ei enkel side med lett tilgjengeleg oppdatering. Så det satsar eg på at eg har fått til no.