Irta's Rizzard er til salgs

Etter 14 dagar i ny heim kom vesle Rizzard tilbake til oss pga familiære omstendigheiter i hans nye familie. Derfor søker Rizzard etter ein ny familie som vil gje han det han fortjener og er klar for nye opplevelsar.

Rizzard er ein lett, kvikk og aktiv labradorkvelp på 11 veker og er søker seg ein aktiv eigar som vil gje han utfordringar framover.

Ta kontakt med meg dersom du er interessert i ein aktiv kvelp.

Alle kvelpane er reserverte og klare til å reise

Irta's Rose 8 veker, klar til å reise til sin nye familie.

Den første som reiste var Irta's Rose, ho fekk reise saman med Irta's Quickie og dei har begge innteke hovudstaden.

Rhesus reiste som nr 2. Han skulle til Rosebyen og gleda seg til å vera ein aktiv kvelp hjå sin nye familie. Heile familien kom å henta han, så han reiste i full bil, men alle sin oppmerksomheit til sin nye heim.

Vi ynskjer dei lykke til.

Til helga reiser resten av gjengen og kvelpegården vert tom og vi ser fram til å bruke litt meir tid på dei voksne hundane her i ferien:-)

R-kullet 7 veker

Kvelpane er no 7 veker gamle og til helga er dei første klare for å reise til sine nye heimar. Pga avbestilling har vi no ein svart hannhund som er ledig i dette kullet for ein aktiv famliele.

Ta kontakt på telefon dersom du er interessert i ein aktiv hannhund frå oss.

 

Kvelpane veks og trivst godt hjå oss og kosar seg det meste av dagen ute no i det fine været.

3 mai kom gjengen til verden

Etter ein lang fødsel der den eine valpen satt fast, kom til slutt alle ut. Milla hadde 8 kvelpar, men ein hannhund var dessverre dødfødt og den eine tispa døde første døgnet, så vi sit att med 6 flotte kvelpar.

2 svarte tisper, 2 gule tisper og 2 svarte hannhundar.

Milla er ei kjempeflink mamma som steller og ordnar med kvelpane med den største ro.

Ventetiden

Pappa

Kullet sin pappa er Cha's Godvin.

Du finn meir om han på kennel Cha si heimeside.

Godvin

Mor

Kullets mor er Irta's Kamomilla "Milla"