18 oktober
Eg vil ynskja alle lykke til kvelpen Dykkar. Ikkje nøl med å ta kontakt om det er noko de lurer på. Skal de forbi her, må de stikka innom så eg får helsa på:-)
Det REGNAR igjen, til den store overraskelsen for kvelpane såg dei ein rund gul sak på himmelen i går, men ser ut til at det var fyrste og siste gongen mens dei er her. Kvelpane må vera berre inne, så pottetreningen er det dårleg med om dagen.
Vi vasker og rydder litt ekstra, men er da litt stussleg at dei ikkje kan få vera litt ute å leike seg.
Eg prøver meg på å få bestemt meg kven som skal hit eller dit, men det er vanskelig denne gongen.
22 september
Dei har no fått innreda kjellaren i uthuset til "utebarnehage" som eg likar å kalle det. Vart beslutta etter at det har vel regna kvar einaste dag sidan dei vart fødde....
Så no er dei liksom "ute" sjølv om dei er inne ute for å ha god plass til å leika, springe og utfolde seg. Er starta plukke med meg ein og ein inn på kjøkkenet når ting skal gjerast slik at dei får oppleve kjøkkenmaskin og anna bråk som måtte vera der.
Kvar einaste dag har vi hatt besøk den siste tida og kvelpane helsar på både store og små. Kimsy er "supertante" ho MÅ innom til kvelpane så ofte ho kan og sjekke om det kan vera dei har noko matrestar til overs eller om dei vil leike litt.
Superoldemor sit på utsida å filosoferer over dei små. Søte, men masete, for mange på ein gong seier ei gamal dame. Men dei hender dei søler med maten sin, så det er best å ikkje halde seg for langt unna.
16. september
Kvelpane er stadig meir aktive og set no stor pris på nye utforskande leiker. Dei bærer med seg sokkar, småbamsar og prøver seg på filla. Tennene er komne og dei fyrste bitta i buksebeinet når du går inn på vaskerommet kjem.
Vi håpar det fine haustveret har tenkt å halde seg, slik at vi kan få ta dei med ut i helga for å ete mat og tusle litt rundt.
19 august 2011
8 kvelpar kom til verden her og det er 4 svarte hannhundar og 4 svarte tisper i kullet.
Kvelpane var store og fødselsvekta låg mellom 400 og 500 gram ved fødselen.
Alle er friske og raske og Bia er flink å stelle med dei.
Vi forventar aktive kvelpar som fortjener å bli trena med. Både mor og far er etter aktive linjer som er brukt til Blodspor, praktisk ettersøk, lydigheit, agility, apporterande jakttrening og utstilling.
Ta gjerne kontakt med meg på telefon om du er interessert i ein aktiv kvelp til aktiv bruk.
Mamma Bia
Pappaen Ian
Meir om han kan du lese på hans eiga side her