Historien om galskapen

Eg heiter Anne Katrin Bøyum, er 37 år, født og oppvokst på Leikanger i Sogn og Fjordane. Eg har gjennom heile oppveksten vore glad i alle moglege dyr, men det var fyrst når eg var 17 år at eg tok hundeinteressa inn i hus. Bokstaveleg talt. Eg henta min fyrste hund og sette den ved inngangsdøra heime. Den vesle Teddyen tok familien med storm og sidan har det vore hund.

Med Teddy starta eg å interessere meg for hund og hundetrening. Den vesle kvelpen vart snart ein reser i triks og unotar....

Men for meg var ikkje ein hund nok. Den store draumen var ei svart labradortispe. Etter litt venting kunne eg hente heim den aktive kvelpen Tasha hjå Svegro kennel v/Gro Ruvang i 2000. Same året flytta eg til Ås i Akershus der eg starta på Landbrukshøgskulen og Tasha var med.

Her budde me i starten samen med 5 andre + ein anna hund det fyrste året. Litt ut i året kom eg og Gro igjen i kontakt. I og med at ho budde på "andre sida av Oslofjorden" vart det fleire og fleire besøk til Vang Gård for Tasha og meg. Eg hadde hausten 2000 sprunge rundt med Tasha på nokre kvelpeshow og hadde lyst å prøve meg litt vidare. Gro lokka meg med i messehallen i Tønsberg og så var det gjort. Dette ville eg gjerne gjere meir av.

Gro gav meg moglegheiten til å være med på hundefødsel, jakthundtrening, utstilling og mykje,mykje meir. Gro hjalp meg igang med mitt oppdrett og mine 4 første kull vart faktisk født hjå henne og familien midt istova.

Frå fyrste veke eg kom til Ås vart eg straks aktiv i Follo Brukshundklubb der eg var aktivt med i lydigheitstreninga. Etter kvart kom dagen då med starta i klasse I. Ikkje verdt å snakke meir om det, Tasha henta alle klossane som låg i den andre ringen og sprang rundt og rundt i hallen.....

Gjennom Follo Brukshundklubb tok eg i 2003 instruktørutdanning Trinn 1. For tiden er eg aktiv i den lokale hundeklubben her heime. Eg trenar og konkurerrar litt lydigheit, spor, jakt og reiser ein del på utstilling. Eg må nok innrømme at eg var meir aktiv på konkurransar når eg budde på Ås, men det har jo litt med avstandar til stevne herifra og kombinasjonen med familie og små barn.   

 

Her bur eg

Eg, Anne Katrin driv eit lite oppdrett på Hermansverk i Leikanger kommune i Sogn og Fjordane. Ein kommune som ligg langs Sognefjorden. Her bur eg saman med mann min Johann og våre to barn på eit lite småbruk.

 

 

 

Hundehagen

Din overskrift

Utsikten vår frå terrassen

Kvelpane blir født og veks opp inne saman med oss. Dei blir som oftast født i stova framfor tvn... ( der det skjer og dei er vant å ligge.) Vi flyttar kvelpekassa inn på kjøkkenet etter kvart slik at mor og barn har litt plass for seg sjølve frå dei andre hundane. Vi har ein stor tomt med mykje tomleplass for små kvelpar ute. Dei får mat og lærer å gå på do ute så snart det lar seg gjere. Hundehus å ligge i, stor hage..... 7 mål.... å springe på.

 

Her har eg kvelpane mine.