Takk

Du sovna så stille ein vinternatt,
Din kropp var så sliten og matt.
Eg takkar deg Tasha for alt du har gitt meg
ein tanke om deg lever vidare inni meg.

Du var min støtte i vegen til hundeverden,
ditt treningsmot og entusiastiske vesen
Takk, takk for alle dagar, duverden
mitt hjerte bankar vidare for deg min venn.

torsdag den 19 januar måtte ditt hjerte få kvile
tårene rant og rant i det vide
du sovna så stille og takka for deg
minnene vil for alltid bli her.

Takk Tasha for 12 år med hundegalskap og alt du har bidrege med for meg. Minnene lever vidare og både eg, dine barn, barnebarn, oldebarn og tippoldebarn er alle stolte over å få bringe dine gener vidare. 

Tasha

 

Fotograf: Gry Stenvold

 

Etter: N UCH Cha's Pegasus og Svegro's Pillow Talke

Regnr: 03836/00

Født: 30.01.2000

Helse: HD-fri (A) og  AD-fri (A)

Augelyst utan anmerking 30.august 2007.

Mor til mitt første kull, B-kullet, E-kullet og G-kullet.

Utstilling:  to CK- er, nr 2 i Vinnerklasse, nr 2i Beste Tispeklasse. Slått av si eiga dotter Janka.

Lydigheit:  Fleire 1.premiar klasse I, Fleire 1.premiar i klasse II og 2.premie klasse III

Agility: 2 X 1. premie i Agility Hopp I Stor og 2.premie klasse I StorAgility

Godkjent Ettersøkshund

Blodspor: 

Norgesmester Blodspor 2007

Beste retriever og beste hund over 7 år, samt vart AK beste kvinnelege førar under NM 2007!

12X 1.premie og 2 X HP i Norge, 1 pr i Sverige.

Deltakar på det norske landslaget som tok sølv i Danmark aug 2009.