Baluba

Helsestatus og Resultater

Etter:  NUCH NVCH Kjærskov Black Askær og Irta's Diesel Guro

Reg nr:NO57488/10
Født: 27.10.2010
HD-fri (A): og
AD-fri (A)
Øyne:u.a 14.11.2014


Utstilling: Excellent, CK 1 KONK og 3 BTK.
BIR og BIS 4 valp


Blodspor: 1. premie

Baluba i kvardagen

Baluba er ei aktiv dame som lærer fort og er med på det meste. Ho elskar å springe på tur, tek seg gjerne eit ekstra plask om det er vatn i nærheiten. Ho er lydig og grei.

Baluba er aktiv ute, men inne er ho raskt i drømmeland og tek gjerne nokre gode snorkedrag.

Ei oppmerksom og grei tispe.

Baluba 6 mnd sjekkar vannkanten

Baluba på utstilling

Baluba  har Excellent og CK som sitt beste resultat. Frå valpeshow har både BIR og BIM valp og BIS 4 Valp.

Baluba på jakt

Baluba apportere villig og finn seg stadig noko å bære på. Ho er ikkje trena noko særleg anna enn for moro. Ho apporterer både dummy og vilt, men det er absolutt ikkje hennar feil at ho ikkje er trena meir.

Baluba på blodspor

Baluba har oppnådd 1.premie på blodspor som sitt beste resultat. 

Målet er eit viltsporchampionat etter kvart.

Baluba på lydigheit

Er lynkjapp på innlæring og det er ikkje Baluba som er hinder for at vi blir betre her. Men ho kan det meste av grunnferdigheiter og tilbyr desse frivillig dei fleste stader. Kvardagslydig, rask hund som utfører med høg intensitet og ikkje redd for å prøve.

Vi skal prøve henne på litt rallylydigheit etter kvart. Ho kan mykje, det er berre eigaren som set begrensingane her med tiden som ikkje strekk til alltid.

Baluba som avlshund

Baluba  er ei aktiv og kvikk lita svart tispe med dei djupaste mørke augene som ein kan drøyme om.  Ho er datter av vår eigen Ian og er etter Irta's Diesel Guro som vi ikkje eig, men som vi lånte tilbake for eit kull i 2010 for å ivarta desse linjene.

Baluba er mor til to kull her hjå oss. Vårt N-kull og våt S-kull. Baluba er tryggheiten sjølv og ei meget god mor for sine kvelpar.

Baluba som "liten"

Baluba 6 mnd