Helsestatus og Resultater
Etter: NUCH NVCH Kjærskov Black Askær og Irta's Diesel Guro
Reg nr:NO57488/10
Født: 27.10.2010
HD-fri (A): og
AD-fri (A)
Øyne:u.a 14.11.2014
Utstilling: Excellent, CK 1 KONK og 3 BTK.
BIR og BIS 4 valp
Blodspor: 1. premie
Baluba i kvardagen
Baluba er aktiv ute, men inne er ho raskt i drømmeland og tek gjerne nokre gode snorkedrag.
Ei oppmerksom og grei tispe.
Baluba på lydigheit
Er lynkjapp på innlæring og det er ikkje Baluba som er hinder for at vi blir betre her. Men ho kan det meste av grunnferdigheiter og tilbyr desse frivillig dei fleste stader. Kvardagslydig, rask hund som utfører med høg intensitet og ikkje redd for å prøve.
Vi skal prøve henne på litt rallylydigheit etter kvart. Ho kan mykje, det er berre eigaren som set begrensingane her med tiden som ikkje strekk til alltid.
Baluba som avlshund
Baluba er ei aktiv og kvikk lita svart tispe med dei djupaste mørke augene som ein kan drøyme om. Ho er datter av vår eigen Ian og er etter Irta's Diesel Guro som vi ikkje eig, men som vi lånte tilbake for eit kull i 2010 for å ivarta desse linjene.
Baluba er mor til to kull her hjå oss. Vårt N-kull og våt S-kull. Baluba er tryggheiten sjølv og ei meget god mor for sine kvelpar.