H-kullet vart født 5 desember 2008

Ei gul tispe og ein gul hannhund etter Cassie og Smasher.

18 januar: No har kvelpane passert 6 veker og det er kun i underkant av 2 veker til dei flyttar i sine nye heimar. Kvelpane er ute kvar dag i hagen og spring,leikar og kosar seg både åleine og saman med dei andre hundane. Dei herjar rundt inne til dei sloknar, og eg kan melde om at dei snorkar høglytt allereide når dei søv..... Dei har hatt mykje besøk dei siste dagane, og alle seier , nei de er no berre SÅ SØTE......

   Herlige Bumle  flink gutt, er ute og tissar

 Herlige Emma prøver å ta eit skikkeleg "tak" på den gamle fotballen...

      

Vi prøver å leike med mamman vår, men eigentleg er vi på jakt etter litt kos. Klarer vi å få tak i litt idag?

Endeleg fekk vi tak i mamman vår og fekk tak i litt kos.

Dei to er aktive, utruleg sosiale kvelpar og kjem springande når eg ropar:-) Dei to har akkurat funne ut at det går an å dra katten i halen og gå etter den å terge litt....Til slutt så hoppar katten i stolen sin og dei sjønnar ikkje kvar den vart av..

11.januar: De to Herlige små er med overalt. I går kveld køyrde vi bil for første gang og dei to små var med på laurdagsbesøk. Dei sovna på golvet rett ut etter ei lita stund. Idag har dei vore ute for første gang, dei var snare med å gjere frå seg ute, så dei lovar godt i å verte reinslege.

   

Hannen ute for første gang.                                            Hannen til venste og tispa til høgre.

Hannen til venstre og tispa til høgre.

1 januar:   Kvelpane er stadig på besøk for litt kos i sofaen, idag har vi kosa oss og til slutt så sovna vi der. Vart visst tid til litt fotografering av oss før vi sovna og batteriet på kameraet var slutt....

Til venstre tispa og til høgre hannen .

  

Tispa både til venstre og høgre

30 des: Kvelpane veks og trivst og et no maten sin når den vert servert, kjem hoppande når eg ropar på dei og det er mattid. Dei har flytta ut av kvelpekassen og fått meir plass å boltre seg på. Går inn i buret når dei vil sove og går ut på avisene når det er tissetid. Rettelege flinke små kvelpar.

 

Det er mykje besøk til dei i jula, både barn og voksne så dei får mykje oppmerksomheit dei to.

                

Hannen  i kullet både til venstre og høgre, sit på fanget og kosar med Liv Sissel (mammen til Bia i F-kullet som er på besøk)

   

Tispa både til venstre og høgre. Ho skal heite Emma til dagleg, kanskje vert det Herlege Emma?. Ho har allereide hatt besøk av sine håpefulle eigarar i jula og dei melder at ho fekk julegåver som ligg å ventar til ho kjem i hus:-)

16 des:Hannen har idag opna augene, mens tispa gløttar såvidt, så dei kjem nok i løpet av morgondagen:-) Begynnar å verte søte no. Går rundt og leitar etter mat og ligg for det meste og søv. Dei er nokre stille, gode mette kvelper. Cassie ligg gjerne i korga utanfor kassen og ser på at dei søv. Ho meiner nok dei får plenti med mat og at ho ikkje treng ligge hjå dei heile tiden.

         

 Hannhunden sitt ansikt, ligg på tispa                                                    Tispa sitt ansikt, ligg på hannen

14.des: Det to "små" er ikkje lengre små. Alt går kjempefint og Cassie er ei god mor. Det er nok ikkje lenge før dei gløttar med augene. Begge to har gode sovehjarter for dersom du tek dei opp og kosar litt sovar dei bestandig. Er nok gode og mette heile tiden:-)

7.des: Dei to små veks og trivst. Det er tydeleg at dei får meir enn nok mat og Cassie steller og koser seg med dei, men tykkjer godt dei kan sove litt åleine innimellom. Kanskje det er noko  meir spennande som skjer på kjøkkenet som ho kan gå glipp av?

  2.dagar gamle:Til venstre hannen og til høgre tispa( mørkast gul)

5.des:Dag 66 frå parring. Då er endeleg kvelpane komne. Etter besøk hjå dyrlegen to dagar på rad og vi såg to kvelpar på røntgen vart dei idag forløyste med keisersnitt.

Så då er to gule kvelpar komne til verden og er allereide i full gang med å finne seg næring og kose deg framfor ovnen i stova. Cassie er heller forvirra og trøytt, men snusar forsiktig på dei to "pipedyra" som ligg ved sidan av henne. Slike har ikkje eg peiling på kva eg skal gjera med? seier ho og set pris på at eg sit å stryk henne på golvet medan vi saman steller kvelpane. Ho er starta å snuse og stelle litt med dei etter kvart og har gode morseigenskapar for dei to små allereie.

        

Cassie og dei to små, fortsatt trøytt etter operasjonen          Dei to små : venste tispa og til høgre hannen.

25 nov: Dag 56 frå parring. Cassie er i kjempefin form og er med på dei daglege turane i sitt eige tempo. Ho er blid og fornøgd og leikar gjerne med "kvelpane/jyplingane"(er vel snart vorte unghundar) i huset dersom dei er i hagen. Men det nærmar seg kvelpar, eg er starta ta temperaturen kvar morgon og reknar med vi set opp kvelpekassen i løpet av morgon ettermiddag slik at alt skal vera i stand til kvelpane kjem.

Vi gratulerer vordrende pappa Sam med utruleg flotte resultat i Vikingskipet forrige helg. 


Håpefullle foreldre

                 

SV-04.SUCH.NorwCH Mambrinos Smasher    og   Irta's Cassie.