Fotograf: Inger Handegård

Fotograf: Inger Handegård

Fotograf: Inger Handegård

Fotograf: Inger Handegård

Fotograf: Inger Handegård

"Litt kos på treningsbana" Ein fin dag på tur med kvelpane.
Fotograf: Inger Handegård

Kvelpene har vore på sin første køyretur

Fotograf: Inger Handegård

Laurdag 17 august tok eg alle kvelpane i bilen og køyrte til Gaupne for å få hjelp til å ta bilder og sjå på dei små. Ein køyretur som tek ca 50 min kvar veg. Dei var litt pipete, men sovna ganske snart, så stille bakider vart det. Ingen som kasta opp eller noko på vegen.  Flinke småhundar det:-)

Kvelpane fekk springe rundt på treningsbana og sjekke ut litt agilityhinder, helse få nokre turistar frå rasteplassen og vi stilte dei opp og fekk teke fine bilder av dei alle sammen.

Det nærmar seg avreise til dei første, jammen går tiden fort dei er jo allerede 7 veker. Det er eit veldig jevnt kull både i temperament og eksteriør. På slutten av veka vert det ny biltur for kvelpane og nye opplevelsar når vi skal til veterinæren for vaksine og chip.

 

Irta's Ninja

Irta's Nataleah

Irta's Nikki

Irta's Nappy Happy

Irta's Nefertiti

Hannhund3

Irta's Nikodemus

Hanne 1

18 juli

Valpene vokser for kvar dag og alt er berre bra med dei små. Første markkuren er unnagjort og skal snart prøve med litt fast føde. Dei er stadig meir aktive og augene har opna seg. Hørselen er nok like rundt hjørnet, men fortsatt ingen som viser at dei høyrer ennå.

Vi koser masse med heile gjengen og både dei andre hundane og kattane har inspisert gjengen i kassa.

11 juli

Valpene vokser og trivst. Alt er bare bra med mor og barn. Det er eitt jevnt kull. Eg har starta fordelingen av valper og slik det ser ut no er det 2 ledige hannhunder. Så er du interessert i ein hannvalp herifrå, så ta kontakt på telefon. Det er det enkleste.

Født 2 juli

2.juli kom 8 store flotte kvelpar til verden her hjå oss.

1 gul tispe

4 svarte tisper

3 svarte hannhunder.

Baluba er ei kjempeflink mamma som steller og koser seg med valpene fra første stund. Vi må på med bånd og omtrent dra ho ut for å tisse... Har jo ikkje tid til slikt når ein har valper:-) Dei må passes på. Så skikkelig omsorgsmamma med det samme.

Valpene hadde fødselsvekt på 500 gram i snitt, noen tyngre og noen litt lettere, så eit meget flott kull til å være 8 stk.

Alt er berre bra og det er stille i valpekassen. Her sover vi ut etter fødselen.

 

Far til valpene

Gullsteinens Kansas som bur på Straumsgrend nær Bergen. Han er ein flott hannhund som også skal ha sitt første kull. Han har oppnådd flere CERT på utstilling og er ein herlig hund.

Han har oppnådd 2 premie i lydigheit kl 1 og har 1.premie på blodspor.

 

Les mer om han på www.gullsteinen.net

Venter valper

Irta's Juba Baluba venter valper 1 juli etter Gullsteinens Kansas.

Baluba er 2,5 år og dette er hennes første kull. Baluba er ei aktiv tispe som elsker å jobbe og er lettlært og smart. Ho apporterer villig, svømmer som en ekte labrador og kommer rett tilbake til  mor med det som her apportert.

Baluba har oppnådd 1.premie på blodspor. Ho er flink å spore og vi skal trene meir på dette og gå fleire prøver etter at valpene er leveringsklare.

På utstilling har ho fått CK, men vi har ikkje stilt på så mange utstillingene ennå. Dette skal vi ta opp igjen etter valpene til vinteren.

Baluba er snill som dagen er lang og går godt sammen med andre tisper, hannhunder, barn, andre dyr osv. Ei herlig tispe som ein blir skikkelig glad i.

Om du ønsker ein valp etter Baluba ta kontakt med meg på telefon for en uforpliktende prat.