Takk for alt de har gitt meg av hundekunnskap. Kvil og leik dykk vidare i hundehimmelen.

NVCH Excellent Janka

Janka var mi første tispe frå mitt eige oppdrett og som vart født i mitt første kull.
Ho vart født som den siste i kullet og vart teken imot i bilen min i baksete på bensinstasjonen (Statoil Åsgårdstrand) i 2002.
Ho voks opp saman med mor Tasha og med og vart ein del av hybeltilværelesen og pendling hit og dit mens eg studerte fram til 2005.

Janka vart mor til 3 kull:
C, D og F-kullet og er grein i linjene mine vidare.

Janka fekk reise til dei evige jaktmarker 1.april 2014, nesten 12 år gammal.
Ho har gleda oss alle med sine sprell opp gjennom åra.
Ho klarte det meste, eit under at ho ikkje var blind og uten ein fot før ho var 2 år... Ho klare å få ein krok frå båndet sitt gjennom augeloket, ein pinne tvers gjennom kneleddet.....
Men 12 år vart ho den gule kule:-)

NMB-07 NSVCH Svegro's Tasha

Tasha var min første labrador som eg kjøpte hjå kennel Svegro våren 2000.

Tasha skulle vera min treningskamerat, gå litt spor for moro, trena litt lydigheit og agility for moro...
Tasha vart min hund som lærte meg det meste om trening i alle typar aktivitetar. Ho var med på alt som var moro og vart mi stammor til mitt oppdrett her på kennel Irta.

Tasha vart nesten 12 år og var med på tur i skogen til siste stund
19 januar 2012 måtte eg la deg sleppe. Du takka og sovna så stille og bad meg tenkja på ALLE minnene vi hadde saman.

Uansett vil det alltid vera ein Tasha med meg vidare, både i dine etterkommarar som lever vidare og inni hjertet mitt.

Les meir om Tasha på hennar eiga side her.

NVCH Irta's Dikazona

Dika var den gule herlegheiten som eg dessverre ikkje fekk bu saman med lenger enn 4,5 år. Ho vart sjuk og klarte ikkje kjempa lenger mot anemisjukdomen.

Dika vart mor til mitt I-kull og bar fram 10 kvelpar. Etter deg lever Vinni og Iris her heime og eg ser ansiktet og blikket ditt gjennom begge to kvar einaste dag.

Dika var ein herleg sporhund og vi klarte akkurat å bli Norsk Viltsporchampion før vinteren sette inn og du vart sjuk.

Les meir om Dika på hennar eiga side her:

Teddy

Du var min første hund. Eg berre henta deg og tok deg med heim i 1997. Slik vart du min og var min prøvekanin på det meste av hundetrening.  Eg drog deg i lydigheitsringen, lærte deg det meste av triks og unoter.... Du vart berre 9 år, då kunne ikkje føtene dine bæra deg meir. Spring vidare i hundehimmelen og bjeff vidare på alle ekorn som sit i trær, det elska du. Ta morgonbadet om det er sommar eller vinter, du elska symja.

Men herleg hund var du, ein snill trufast venn i mange år. Takk for at du gav meg hundegalskap:-) Galskapen lever vidare i meg kvar einaste dag.