F-kullet vart født 13.mars 2008

På kennel Irta vart det født 6 kvelpar etter Pashkira's Elmer Apporter og Excellent Janka.

Janka fekk 1 gul tispe (Fame) 2 svarte tisper ( Fobia og Frøken Molly) , 1 gul hanne (Ferdinan) og 2 svarte hannar (Filiocus og Full Storm).

20 juli: Heretter vil eg legge inn oppdateringar frå kjelpekjøparane under klemmar frå F-kullet. Denne sida vïl difor ikkje bi oppdatert framover.

19.juli: Då har Molly flytta til sin nye familie etter at ho har vore hjå meg i 14 dager, ho kom tilbake til meg pga. allergi i fam. Ho reiste til Drøbak der ho skal vera familihund. Familien har hatt fleire labradorar tidlegare og gledar seg til ei ny turkamerat til skiturane til far:-). Mor vil gjerne trene litt apportering og søk etter gjenstandar slik ho har gjort med sine tidlegare labradorar. Vi ynskjer Molly og fam lykke til:-)

11.mai:Då har det vore eit travel pinsehelg med levering av kvelpar frå tidleg om morgonen til seine kvelpen.

Den fyrste som reiste var Storm(Full Storm): den sorte hannhunden med minst kvite flekk. Han gledar seg til å kunne vera med sin nye familie som familiehund rundt omkring på hytteturar og andre spaserturar. I tillegg gledar han seg til snøen kjem slik at han og far kan legge ut på skiturar og han kan trekke far på ski når han blir stor. Vi ynskjer lykke til vidare.

 Molly

Den andre som reiste var vesle Molly(Frøken Molly). Sjølv om ho var den minste i størrelse, var ho nok ein av kvelpane som var mest "overalt". Molly har flytta til sin nye familie som skal oppdra 3 ungar som er utruleg spente på kva dette "krapyle" Molly vil finne på framover:-) Mor i huset har lagt kalendaren tilsides til kvelpeshow i nærheiten til høsten. Vi ynskjer dykk alle saman lykke til å håpar vi treffest i utstillingsringen etter kvart:-)

 Fame

Den tredje som køyrde avgårde var Fame. Den gule tispa:-) Ho måtte stå tidleg opp sjølv på ein 1. pinsedag for å krysse landet forbi hovudstadn i bil. Men den vesle kapitulerte kjapt og tok køyreturen med stor ro nedover. Trur ho ante at i hagen i den nye heimen venta det kanin.... EKTE KANIN... slikk slikk så Fame når ho på skikkeleg vis entra sin nye heim... ikkje det spor beskjeden....Kanin eller var det nakenhund? Ups vi har visst begge deler her, litt rare begge to sier Fame i tlf rapport.og ein haug med skrikerunger.... Pytt sann, litt bråk kan vel ikkje skade, slik er livet. Fame melder tilbake at ho har komme på rett stad. Ting skjer:-)

Fame skal som sin første oppgave lære mamman sin å køyre bil.... (Les ta førerkort) slik at de sammen kan reise på hundetreninger, utstillinger og mye mye mer... Mamman til Fame hadde tenkt de skulle jobbe med kontakttrening dem imellom....  Vi ønsker lykke til med bilkøringen og kontakttreningen:-)

Etter blindtarmbet./operasjon og sjukmelding på hans nye eier vart det endeleg lille gule gutt sin tur til å komme til sitt nye hjem. Han er blitt "bygutt". Tok hovedstadn med storm etter ein sovende biltur over fjellet. Å sulten var han, han var på pletten når mor skulle "mikse"maten for kvelden. Vi håper dere besøker søster Fame innimellom får å inspisere bilkjøringen og kontakttreningen..... Kanskje kan de leike litt saman. Gule gutt gleder seg til han og mor skal starte på valpekurs ettervert å bli en skikkelig hund:-) Vi ynskjer lykke til og håper dere legger ferieturen hitover iår litt senere på sommaren:-)

Så då er det att 2 svarte frå F-kullet. Filiocus (Ocus)  og Fobia.(Bia). Ocus skal vera att her. Bia skal vera her ei stund før ho flyttar til sin nye familie. Bia skal verte familiens midtpunkt og mors turkamerat/selskap når far er på jobb.... Bia gledar seg til å kunne verte kjendt med sin nye familie.

27 april: Først må vi gratulere pappaen til F-kullet Elmer med glimrende utstillingsresultater idag. Han vart nr 1 i AK med CK og 2 beste hannhund med Cert.

"Bestemor Berit", eigaren til pappa Elmer kom på besøk og fekk helse på meg og alle hundane. Kjempekjekt at Berit kom på besøk og vi ynskjer deg velkommen igen ved ein seinare anledning:-) Vi fekk "barnevakt" til det nyfødde g-kullet og så stakk vi til skogs og fekk trena litt jakttrening. Tusen takk Berit for mange gode råd og inspirasjon til å trene vidare:-) Skal skjerpe meg og få til ein god sit og bli.......

Berit stilte opp og vi fekk ta nokre bilder av dei to svarte guttane.

               

 Hannene. Filiocus og Full Storm.

19 april: Det er fortsatt strålande ver her og kvelpane er ute både seint og tidleg for mat og spaserrunde i hagen. I dag fekk dei prøve hundehuset. Tispene hadde ikkje tid til å vere der, mens dei to svarte hannhundane sovna inners i hundehuset. Eg måtte krabbe inn for å hente dei når det vart tid for å komme seg inn att.

Vi har besøk i helga av to springerar og det var stor stas å få bite i "springerøyrer". Kjekt for kvelpane å helse på snille  hundar av andre rasar.

                     

Vi et maten vår i hundegården og sjekkar ut hundehuset.  Vi leikar med Alice, ein springervalp

13.april: No er dei 4 1/2 veke og full av liv og moro. Dei spring rundt frå kjøkken til vaskerom og sovnar som regel under skohylla i gangen. Måltida  vert servert ute og dei går litt rundt omkring og gjer frå seg før dei får koma inn att. Dei leikar seg med leiker og bit kvarandre i halen. Tærne mine er favoritten og så å "prøve drepe" buksa mi...

           

matservering ute i sola                                                                       etterpå kom mamman vår .

6.april: Prøver på nokre bilder av dei to svarte hannene idag, men det er vanskeleg å få gode bilder, vert mest som nokre "svarte klattar". Er så utruleg lett å fotografere dei gule....

                 

Svart hanne, i forfjamselsen gløymde eg sjå kven av dei to det var...... Den gule tispa er trøytt z z z z

5.april: No går alle sammen og dei har fått meir plass og boltre seg på. Dei er starta "leike" litt med kvarandre. Det går mest i å logre, ta munnen over øyrene til den andre og så lagar dei meir og meir lydar. Høyrer godt når eg kallar på dei for matservering, men er forstatt noko desorienterte på kvar lyden kjem ifrå.

               

Gul hann 3 veker gamal                  Gul tispe "leikar med tafsa"     

     

 Alle 6 søv godt etter mat og stell frå mamman.

29 mars:Kvelpane er no over 2 veker og alle har opna augene sine og dei er starta registrere sine fyrste lydar. Idag har dei fått servert karbonadedeig, noko dei tykte var kjempegodt :-) Dei skal no etterkvart lære å ete mat/grise/bade i mat.....  Kvelpane kravlar ikkje lenger, no er alle oppe på 4 bein og går. Det er ennå noko ukontrollerte bevegelesar, men dei prøver så godt dei kan. Dei har til stadigheit besøk av bestemor og halvsøster i kassen for stell og kos.

             

Frå venstre: Dika på besøk til Janka og kvelpane . Høgre:Tasha steller dei små.

24.mars: Kvelpane har fått sin første markkur. Dei veks og er vorte store,  dei to minste er fortsatt minst, og dei to største er fortsatt størst, men slik vil det nok vera så lenge dei bur hjå meg. Er nok ikkje lenge før dei gløttar på augene.

      

20.mars: Kvelpane er idag 1 veke,. Ikkje så godt å sjå, men dei har dobla vekta si og meir til sidan dei vart fødde.Alt er berre bra med alle 6.

          

Her frå venstre: svart hann (størst kvite flekk), svart tispe (den største) , svart tispe (den minste), gul tispe (litt under), gul hanne, svart hanne( med mist kvite flekk).

16.mars:Kvelpane veks og trivst, dei er mette og gode, var veldig rolege og fornøgde i heile natt.

Får av og til spørsmål om korleis ein ser kven som er kven av kvelpane. På enkelte kull kan dette vera vanskeleg, men då kan eg jo merke dei, men med desse var det enkelt i og med at dei har ulike fargar, kjønn og str.

I tillegg har dei to svarte hannane kvar sin flekk med kvit i brystet, den eine litt mindre enn den andre. Dette gjer det no enklare for meg å skilje dei frå kvarandre. Det er heilt vanleg at nokre av dei svarte får kvitt i brystet.  Dei fleste veks det av seg og du ser gjerne berre nokre få hår eller ikkje noko kvitt i det heile når hunden vert vaksen.  Det er lov ifølge standarden med ein liten flekk også som vaksen.

15.mars: I dag høyrer eg snorkelydar frå kvelpakassen og det er Janka som søv godt idag. Har vore ute og lufta seg nokre gonger i det fine vårværet, men har hastverk med å komme seg innatt til kvelpane. Alt er bra med dei små, dei veks og er fornøgde alle saman, tydeleg rikeleg med mat til alle 6.

     

14.mars. Fyrste dag og det er stille i kassen. Både Janka og kvelpane søv godt. Ein harmonisk stemning i kvelpekassen. Janka er veldig roleg med kvelpane og set pris på at nokon dullar litt med henne.

Kvelpane er ikkje akkurat dei tyngste labrador-kvelpane ved fødsel eg har sett, men dei er veldig pigge og energiske.

Dei har litt varierande fødselsvekt, men er allereide etter 1 dag i vekst alle sammen.

10.mars: Janka i solskin i hagen. Det er tydeleg at det nærmar seg kvelpar.

Foreldre til F-kullet:

                      

Pashkira's Elmer Apporter og Excellent Janka