Sitste nytt

5. apr, 2016

Etter ein tung vinter med mykje sjukdom av både barn og voksne her går det endeleg mot lysare tider og vi er komne oss meir ut att i aktivitetar med både hundar og ungar. Sykkelen er på plass og barmarka utan snø har fått meg ut med hundane å trena både feltsøk og spor.

 

I påsken parra vi Kimsy med vår eigen Lotus, så om alt klaffar vert det kvelpar rundt 22 mai. Vi gler oss mass til småvalpar til sommaren:-)

11. mai, 2015

Bilde og meir info kjem.

Var ein svipptur til  Ålesund på Retrieverlubben(avd sunnmøre)  sin utstilling  lørdag 9 mai. med Ludo, Tesla , Zero og Lea.

4. mai, 2015

Eg tok utfordringen utan verken kunnskap eller trening å debuterte med Ian(NUCH NVCH Kjærskov Black Askær) i rallylydigheit i helga og gjekk på laurdag til ein 2. premie og nr 8 i klassen og søndag til ein 1.premie og nr 10 i klassen.

No kan Ian smykke seg med å være premiert både på utstilling, spor, jakt, lydigheit og rallylydigheit. Ein allsidig flott kar dette, utruleg glad for at han kom til meg. I tillegg er han stolt pappa til både utstillingschampioner, godkjendte ettersøkshunder, godkjent redningshund, jakt, spor, lydigheitspremierte hunder rundt omkring hjå vore flinke kvelpekjøparar.

28. apr, 2015

Den 12 april kom kvelpane i vårt Q-kull. Sjå meir på kvelpane si eiga side

8. feb, 2015

Så kom endeleg tida då alle tispene heime i huset skulle få løpetid. Kimsy skal parrast med vår eigen Irta's Ola Zero, men Baluba får vente til neste løpetid.

I tillegg planlegger vi å parra Irta's Kamomilla , Milla som bur hjå Gro Ruvang i Tønsberg så snart ho kjem i løpetid, forventa ca mars ?

Hundane har den siste tida ikkje fått så mykje stell, kos og trening frå meg som eg hadde ønske, men eg har den siste tida måtte opphalde meg på sjukehus og hotell i nærleiken av sjukehus då me ventar baby som absolutt vil ut før tiden. Tidleg fødsel vart stoppa og tiden går, men eg ligg no her til ruging.

Så takk til min elskede som ordnar med parringer, hundestell, husarbeid og alt anna praktisk i heimen om dagen. Med 7 hundar heime, ein gut med feber på 2 år, har eg ein enorm respekt og kjærlegheit til deg. Det er berre ein ting å sei. Eg elskar deg Johann:-)

I tillegg har eg utruleg flinke foreldre, svigerinne, venninner, kvelpekjøparar og venner som hjelper til med både barnepass, husarbeid, hundestell og trening og sosialisering av ungdomsbanden. Tusen takk alle sammen.