24. sep, 2014

Ny Norsk Viltsporchampion

Kimsy gjekk bevegeleg blodsporprøve på Nordfjordeid og fekk sin siste 1.premie for å verta Ny Norsk Viltsporchampion.

Ho gjekk eit flott spor og jobba godt heile vegen sjølv om vi ikkje har fått til noko trening på lenge. Men det er verkeleg sikkert at ho har meget gode sporeigenskapar og eg gler meg til å fortsetje med å konkurrere med henne til neste år.