2. feb, 2015

2015- nytt år

Eit nytt år med nye moglegheiter. Før jul 2014 var eg så heldig å hente heim ein liten gul kvelp frå Latvia som kom til oss. Han har fått navnet Ludo og er ein skikkeleg kosebamse. Han kom saman med søstra si til Vernes og min snillaste sambuar Johann køyrte for å hente han i snøkaoset.

Meir om han og stamtavla hans kjem etter kvart på sida hans.

Omtrent samtidig henta vi også heim ein parringskvelp etter Ian i kullet til Ciboria's Q-kull i Bergen. Tispa fekk navnet Tesla og er ein herleg liten skapning som saman med Ludo utgjer ungdomsbanden her hjå oss no. Tesla skal også få litt meir på si eiga side etter kvart under tisper.

Så her på kennel Irta vart flokken utvida i desember og vi håpar dei veks opp til nokon herlege labradorar som vil vera med oss vidare i kennelen og avlsplanar for dei neste åra som kjem.