8. feb, 2015

Løpetider og parring

Så kom endeleg tida då alle tispene heime i huset skulle få løpetid. Kimsy skal parrast med vår eigen Irta's Ola Zero, men Baluba får vente til neste løpetid.

I tillegg planlegger vi å parra Irta's Kamomilla , Milla som bur hjå Gro Ruvang i Tønsberg så snart ho kjem i løpetid, forventa ca mars ?

Hundane har den siste tida ikkje fått så mykje stell, kos og trening frå meg som eg hadde ønske, men eg har den siste tida måtte opphalde meg på sjukehus og hotell i nærleiken av sjukehus då me ventar baby som absolutt vil ut før tiden. Tidleg fødsel vart stoppa og tiden går, men eg ligg no her til ruging.

Så takk til min elskede som ordnar med parringer, hundestell, husarbeid og alt anna praktisk i heimen om dagen. Med 7 hundar heime, ein gut med feber på 2 år, har eg ein enorm respekt og kjærlegheit til deg. Det er berre ein ting å sei. Eg elskar deg Johann:-)

I tillegg har eg utruleg flinke foreldre, svigerinne, venninner, kvelpekjøparar og venner som hjelper til med både barnepass, husarbeid, hundestell og trening og sosialisering av ungdomsbanden. Tusen takk alle sammen.