Ian

Helsestatus og Resultater

Etter:  Moselund's Solkær og Ballyhale Black Jack

Regnr:DK11833/2009

Født: 06.06.2009

Helse: HD  fri (A) og AD- fri (A)

Øyenlyst: u.a 13 desember 2012

Utstilling:  Norsk Utstillingschampion
3 X BIM
 
Blodspor: Norsk Viltsporchampion ;
3 X 1.premie 1X HP

Jakt: Bestått kvalifiseringsprøve.


Lydigheit: 2.premie klasse 1.

Ian i kvardagen

Ian elskar vatn og tur i skog og mark. Han er rask og oppmerksom.
Ein mammadalt ifølge min sambuar Johann, men det er vel kanskje ikkje så rart når han stort sett har vore med meg og trent sidan han kom til Norge.

Ian på blodspor

Norsk Viltsporchampion 12.juni 2011.
Vågå, 1.premie m/HP og 3 beste hund på prøven.

Ian på utstilling

 Ian vart oktober 2012 Norsk Utstillingschampion på NKK Hamar .
Beste resultat på utstilling er CERT,Cacib og Best i motsatt kjønn.

Ian 1 år sommaren 2010

Ian mars 2011. 21 månader gamal.

Ian på jakt

Ian har bestått kvalifiseringsprøve på jakt .
Han apporterer villig og kjem stolt til mor med det som er plukka opp.
Han arbeider ivrig for å finne framt il dummyar og gir seg ikkje før han har lokalisert dei.
Herleg hund å jobbe med.

Ian som avlshund

Ian er pappa til fire kull. Ian er dominant svart og gir kun svarte valper etter seg.
Han har mange arbeidssomme og aktive kvelpar etter seg som blir brukt til spor, utstilling, lydigheit, jakt og redningshundarbeid. I tillegg til flotte familiehundar som fungerar utmerka.
 
Vi har sjølve tre avkom etter Ian her heime, vår Baluba, Milla og Lotus er alle avkom etter Ian i ulike kull.

Våre eigne kull
J- Kull etter Irta's Diesel Guro (9 valper født, 5 som vaks opp) 
- 5 av 5 avkom røntga både for HD og AD, alle frie

K-kull etter Irta's Fobia 8 valper.
- 7 av 8 avkom er røntga både for HD og AD,  HD: 6 frie, 1 ventar på avlesning og ei tispe med svak grad på eine sida bak. AD: Alle 7 som er røntga er frie.

L-kull etter Irta's Irissiri 7 valper.
3 av 7 avkom er røntga både for HD og AD, alle frie

O-kull etter Irta's Irissiri 4 valper.
-ikkje gamle nok


Andre som har brukt Ian
Kull etter Prada 
Hårkollen's N-kull født 2013
Ciboria's P-kull  født 2014

Gå inn på dogweb og sjå meir om resultata etter Ian dersom du er interessert.

Irta's Juba Baluba , her 7 mnd gammel, datter av Ian som vi har her heime.

Ian som "liten"

Mitt første møte med Ian. Eg og Gro Ruvang reiste til Danmark for å helse på den vesle krabaten. Vi fekk velje mellom 7 herlege hannhundar:-) Valget var ikkje lett, men har ikkje angra ein einaste dag.

6 veker

3,5 mnd

3,5 mnd

8 mnd