Helsestatus og Resultater

Etter: NVCH NUCH Kjærskov Black Askær og Irta's Fobia

Reg nr: NO 51333/11

Født: 19. 08.2011

HD:Fri (A) index: 107,95 og AD fri (A)

Øyne: u.a. 16.11.2013

 

Utstilling: Excellent, JK 1JKK

BIR og BIM valp

Jakt: 1.premie i Begynnerklasse.

Milla som jakthund

Milla har frå ho var liten vorte trena på jakttrening, men det var først når ho flytta til Tønsberg og Gro fortsette treningen at ho fekk anledning til å starte på sin første prøve på jakt. Milla debuterte på jaktprøve med 1. premie i Begynnerklassen.

Milla apporterer alt som vert lagt fram og bringer meget stolt rett tilbake for levering. Ho er ei rask og lett tispe som elskar og jobbe. Ho tek gjerne gode lange markeringar og er djupt inne i feltet og arbeider meget sjølvstendig der det trengst. I tillegg er ho meget lett å styre og er lydig på signal frå fører.

Ho er rask på labben, meget lett å mosjonere og  lettlært å trene med sin iver.

Milla på utstilling

Milla har ikkje vore så mange gonger på utstilling.

Men ho har oppnådd Excellent, vunne juniorklassen sin og har i tillegg som kvelp vorte både BIR og BIM.

Milla som avlshund

Bilde lånt frå Irta's N-kull.

Milla er mor til eit kull, vårt R-kull. men vart parra og skulle ha sitt andre kull,men fekk akutt livmorbetennelse og måtte hasteoperast, men dei klarte heldigvis å berge livet hennar.

 

Milla i kvardagen

Milla er snill som dagen er lang. Ho er ei aktiv tispe som likar å springe, springe og springe heile dagen om ho får lov, men ho er og den som går å legg seg framfor ovnen nå vi kjem inn att og kosar seg i ei hundeseng og du merkar ho ikkje på ei stund.

Milla budde her heime hjå oss til ho var godt over 2 år, då flytta ho til Tønsberg til Gro Ruvang for å trene meir jakt og verte litt selskap for Filiocus som vart åleinehund på gården der nede. Milla er fortsatt mi og skal få gleden av å føre Irta's gener vidare til ein neste generasjon her hjå oss.

Milla har alltid vore frisk og har ikkje vore til dyrlegen anna enn ved vaksinering sidan ho kom til verden.

Milla som liten

Milla har frå ho var liten vore ei meget aktiv og kvikk tispe. Her 7 mnd gamal med litt "raptus"-fakter ved fjorden.

Milla trener på å stå pent før ho skal på utstilling. Her 7 mnd gammal.

Milla 7,5 veke gammal på kjøkkenbordet.M

illa vart født på Dyreklinikken i Sogndal etter at fødselen hadde stoppa litt opp og vi måtte ha hjelp for å få henne ut. Ho var "sistejente" i kullet og kom til verden på morgonkvisten slapp og livlaus.

Dyrlegen kikka på den svarte livlause tispa med den kvite flekken, men meinte det ikkje var håp. Men eg gav ho eit forsøk og starta massere og jobbe relativt hardt med den vesle kvelpen. Å ja, Milla var ikkje tenkt å gi opp, etter kvart kom det surklelydar og skrika kom etter kvart. Så da var det berre å håpe. Tilbake frå køyreturen heim var vesle Milla klar for mat og var heldigvis like pigg som alle dei andre.

Så det var vel ei meining med at Milla berre skulle vere att hjå oss? Kven veit, eg klarte i allefall ikkje å selge henne, så slik vart Milla verande hjå oss.

"Baby"Milla 7,5 veke til høgre (med den kvite brystflekken) saman med søster si til venstre.