Helsestatus og resultater

Etter: Moselund's Solkær og Ballyhale Black Jack

Reg.nr: DK 11833/2009

Født: 06.06.2009

Helse: HD fri(A) HD index 110,21 aug.2015) 

AD fri(A)

Øyenlyst: u.a nov 2015

Utstilling: Norsk utstillingschampion, 3 X BIM

Blodspor: Norsk Viltsporchampion;  4 X1.premie , 1X HP

Jakt: 3.premie i Begynnerklasse. Kun starta ein gong.

Lydigheit: 2 premie klasse 1.

Rallylydigheit: 1.premie i klasse 1.

 

Ian i kvardagen

Ian elskar vatn og tur i skog og mark. Han er rask og oppmerksom og utruleg lett å jobbe med i alle aktivitetar.
Ein mammadalt ifølge min sambuar Johann, men det er vel kanskje ikkje så rart når han stort sett har vore med meg og trent sidan han kom til Norge.

Han er aktiv på tur , men roleg og behageleg inne. Han snorkar, ligg gjerne på soverommmet saman med oss om natta, ellers så tek han ansvar for familien og legg seg i gangen. Ikkje særleg farleg som vakthund, men kan vera vel ivrig og hoppete om det kjem nokon, så han kan no skremme dei litt likevel  med sin iver...........

Han er snill med både folk, andre hundar, andre dyr og det meste. Han er sterk og utholdande. Trekker gjerne vår sønn i hundevogn eller tek kløven på ryggen på tur. Han finn seg i det meste som skjer.

Ian på blodspor

Norsk Viltsporchampion 12.juni 2011

Vågå, 1.premie m HP og 3. beste hund på prøven.

Ian på utstilling

Overskrift

Ian vart oktover 2012 Norsk utstillingschampion på NKK Hamar.

Beste resultat på utstilling er CERT, CACIB og Best i motsatt kjønn.

 

Ian er ein skikkeleg artig hund å ha med på utstilling. Han elskar å vise seg fram. Jo fleire som ser og er der, jo bedre likar han seg. Han er meget miljøsterk og bryr seg ikkje noko om kvar eller kven som måtte vera der. Han kan berre ha litt problem med å stå heilt stille når han skal vise tenner, for han blir jo så glad for at nokon vil helse på akkurat han. Halen går heile dagen og han stiller seg opp og ventar. Herleg hund å vise fram.

 

 

 

 

Ian på jakttrening.

Ian bestod kvalifiseringsprøven på jakt og eg hadde ambisjon om å komme meg snarleg på jaktprøve. Men slik vart det ikkje.

Eg fekk ein gut i 2013 og dermed så vart det juli 2014 før vi kom oss på vår første jaktprøve både eg og Ian. Vi debuterte i Agder med ein 3. premie i BK og vi var veldig nøgde med det på vår første start.

Ian apporterer villig og kjem stolt til mor med det som han har plukka opp. Han arbeider ivrig for å finne fram til dummyar og er utholdande. Likevel er han meget enkel å styre og lett å samarbeide med som førar under arbeidet.

Herleg hund å jobbe med. Om eg skal sei noko som han er mindre god til så er det å symje ut til dummyen. Med det same han har apportert symjer han fint. Men kavar litt på veg ut.

Han apporterer både vilt og dummier.

Ian som "liten"

Mitt første møte med Ian  var når han var 6 veker i Danmark. Eg og Gro Ruvang reiste til Danmark for å helse på denne vesle krabaten. Vi fekk velje mellom 7 herlege hannhundar:-) Valget var ikkje lett, men eg har alltid vore nøgd med det valget vi gjorde og set stor pris på at eg var så heldig å få kjøpe Ian.

Ian 6 veker gamal

Ian 6 veker gamal

Ian 8 mnd gammel

Ian 3,5 mnd gammel

Ian 3,5 mnd

Ian som avlshund

Datter av Ian frå vårt L-kull. Irta's Lavindi som er godkjent Redningshund A frå 2014.

Ian er pappa til fleire kull. Ian er dominant svart og gir kun svarte valper etter seg. Han har mange arbeidssomme og aktive kvelpar etter seg som blir brukt til spor, utstilling, lydigheit, jakt og redningshundarbeid. I tillegg flotte familehundar som fungerar utmerka i kvardagen.

Våre eigne kull
J- Kull etter Irta's Diesel Guro (9 valper født, 5 som vaks opp) 
- 5 av 5 avkom røntga både for HD og AD, alle frie

K-kull etter Irta's Fobia 8 valper.
- 7 av 8 avkom er røntga både for HD og AD,  HD: 6 frie og ei tispe med svak grad på eine sida bak. AD: Alle 7 som er røntga er frie.

L-kull etter Irta's Irissiri 7 valper.
3 av 7 avkom er røntga både for HD og AD, alle frie

O-kull etter Irta's Irissiri 4 valper.
3 av 4 avkom er røntga både for HD og AD, alle frie 


Andre som har brukt Ian
Kull etter Prada født 2012
Hårkollen's N-kull født 2013
Ciboria's P-kull  født 2014

Ciboria's Q-kull født 2014

Gå inn på dogweb og sjå meir om resultata etter Ian dersom du er interessert. 

 

Irta's Juba Baluba , her 7 mnd , datter av Ian som vi har beholdt her heime.

Irta's Kamomilla, 2 år, datter av Ian.

Irta's Lotus Don Vito, her 1,5 år. Vår eigen Lotus som er sønn av Ian

Irta's Juba Baluba som voksen, datter av Ian.