Tesla 13.08.2017

Helsestatus og Resultater

Ciboria's Queen Irta- "Tesla"

Født:10.10.2014

Regnr: NO54567/14

Etter: NUCH N SEVCH Kjærskov Black Askær og Ciboria's Malin

HD: A

AD: 0

øyne: utan anmerkning 12.02.2017

Utstilling: Excellent med CK som sitt beste resultat

Spor: Trena men ikkje starta 

 

Tesla i kvardagen

Tesla er ei harmonisk og ein meget snill hund. Ho går saman med ungar og andre hundar av begge kjønn og er alltid blid, roleg og harmonisk.

Samtidig har Tesla ein enorm fart og arbeidskapasitet når vi trener. Ho er flink med nassearbeid og vil gjerne jobbe for førar i eit meget godt samarbeid.

Tesla kan eg ha med seg overalt, ho finn seg snart tilrette og har ein veldig fin avknapp. Oskar (4) seier det er hans hund og at ho må sove med han på rommet sitt. Tesla er spesiell for oss alle og vi er veldig glad i henne. Oskar lærer henne "triks".

 

Tesla på utstilling

Tesla har vore på utstilling og har oppnådd Excellent og CK som sitt beste resultat.

Tesla er ein litt mindre type , men meget proposjonal og harmonisk bygd.

Tesla som apportør

Tesla apportere gjerne dummy, men vi har ikkje jobba mykje med dette.

Tesla på blodspor

Tesla vert trena på blodspor. Ho er ei meget spornøyen tispe som går i eit meget behagelig tempo.  Oskar likar å være med å hjelpe til når det skal trenast med Tesla.

Vi skal starte på prøve etter kvart.

 

Tesla på lydigheit

Tesla er veldig lydig, ho kan ikkje så mange "lydigheitsøvelsar", men er kvardagslydig. Ho kan være med overalt og er ei veldig snill og lydig tispe. Ho er aktiv når det er noko spennande å jobbe med, men roleg i kvardagen saman med familie, besøk, andre hundar osv.

Tesla som avlshund

Tesla fekk sitt første kull 10.07.2017, vårt W-kull.

Ho fekk 5 svarte hannhundar og 3 svarte tisper. Alle kvelpane vart fødde i stova og ho er ei eineståande mor. Roleg som dagen er lang, masse melk og rolige kvelpar. Legg seg forsiktig hjå dei og steller dei og koser.

 

Tesla som ung

Tesla 4 mnd