Av og til er det slik at eg set ut hundar på for. Det kan være voksne hundar eller det kan vera kvelpar. Dette gjer eg for at vi ikkje kan ha alle hundane heime til einkvar tid og det gir oss samtidig moglegheiter til å kunne ta vare på gode gener som me har lyst til å avle vidare på.

I tillegg har eg fått moglegheiten til  å gje nokon av mine godt voksne hundar ein pensjonisttilværelse hjå nokon som ikkje ynskjer seg kvelp og som har ein livssituasjon som gjer at det passar betre med ein voksen hund.

Så er du på jakt etter ein voksen hund så ta berre ein telefon å spør. Nokon gonger kjenner eg nokon andre som har hund som kan passe og nokon gonger har eg.

Bur du i nærleiken kan det vera aktuelt med hund på for. Her gjer vi ein avtale med kvar og ein av dykk og legg tilrette for at eg kan behalde avlsmateriale og at de kan få den hunden de ynskjer. Så samarbeider vi godt rundt dette.