Irta's Denova

Ciboria's Vita hjertegod

Irta's Ålala Ruby

Ruby var den eianste tispa i kullet og måtte verte att her hjå oss. Ho er ei stor tispe som treng tid til å vekse seg til. Ho har det snillaste og nydlegaste hovudet eg kunne tenkje meg. 

Ruby apporterer godt, symjer og er rask på labben. Me skal prøve oss på blodsportrening etter kvart og kanskje trene litt apportering for moro. Ellers trenar med kvardagslydigheit og Ruby er ei oppmerksom og grei tispe og trene med.

Irta's Ælly Macbeal

Vi har beholdt ei gul tispe frå vårt Æ-kull. Vi håpar og trur at ho kan vera med å bringe Irta-genene vidare med tiden.

Me skal trene spor, apportering og så skal vi på utstiling. I tillegg skal ho verte ein god familiehund for gjengen vår her heime.

Ho er berre liten å søt endå, men både apporterer, leverer og kan symje. Dette lovar bra. I tillegg kan ho også bite, bølle, hoppe og bjeffe, rasere duploklossar etc... 

Så skikkeleg normal labradorkvelp........

Irta's Xelfie

Xelfie er blondina over aller blondiner. Ho er ei aktiv tispe av god størrelse. Ho har delteke på smellerkurs og likar å jobbe. 

Ho er unik på spor og meget spornøyen og kontrollert hund på spor. Det skal me gjera meir av.

Ho hoppar og sprett mykje, men vil nok gjerne lande litt med tiden. 

Tisper som ikkje bur heime


For ikkje ha for mange hundar heime som krev både stell og trening er det slik at nokon har flytta til andre heimar, eller eg har hatt nokre tisper ute hjå forvert her i nærområde.

Irta's Trixie

Irta's Trixie er etter Irta's Opal "Topsy" og Narjana's Olah Octavian.

Trixie er snill som dagen er lang og treng ha noko i munnen når ho vert glad. Ho bærer rundt på det meste. Trixie voks opp hjå forvert, men kom tilbake til oss og har vore her og fått vårt Æ-kull i 2020.

Trixie er ei middels stor tispe og lett på foten. Elskar å bade og springe og er lett å halde i aktivitet. Går saman med alle hundar, alle barn og snill og grei å ha med seg overalt.

Irta's Zircca

Zircca var den einaste tispa i kullet sitt. Ho vart att her og bur til dagleg hjå forvert Merete og David.

Zirca er ei herleg jente som er med på det aller meste, ho logrer heile dagen og shower når ho viser seg i utstillingsringen. Merete og David trener henne i rally og kvardagslydigheit. Ho elskar å bade.

 

Lyonettes An Evening in Paris

Emma kom til oss når ho var 7 mnd gammel og gjekk rett inn i flokken. Emma er ei skikkeleg kosejente og snill, tolmodig med både to og firbeinte. Ho kan vera litt uskyldig og rampete og elskar fart og spenning. God til å bruke nasen og lett på foten. Ei aktiv tispe med fart, men god avknapp når det ikkje er noko spesielt som skjer. Ei herleg tispe som vi er veldig glade for å ha fått hjå oss.

Emma er på "utlån" hos Line som trengte å låne seg ein voksen hund. Dei kosar seg veldig.

Emma har vore på utstilling og har CERT som sitt beste resultat.

Irta's Utopia

Irta's Utopia"Luna" er etter Baluba og Yes. Ho bur til dagleg i Årdal og kosar seg med full oppmerksomheit av foreldre, besteforeldre, hundevenner i nabolaget, hyttetur og anna moro. 

Ho er ei lita tispe, men veldig proposjonal. Ho er lett på foten og tek gjerne lange fjellturar med familien sin. Ho er etter kvart vorten voksen og vi håpar ho kan vera med å bringe genene vidare her hjå oss. 

Vi håpar på eit kull med kvelpar etter henne i 2021

Pensjonerte tisper

Irta's Qutee

"Tuva" beheldt vi etter Kimsy sitt Q-kull og bur til dagleg hjå forvert Anne og Bjørn. Anne og Bjørn trengte akkutt ny hund og dermed stakk eg innom å "lånte vekk Qutee" men ho fekk nytt navn "Tuva" og vart verande hjå dei.

Tuva kosar seg med Bjørn og lange turar kvar einaste dag, dei trener henne til å være med overalt og sjølv med litt lopper i blodet og hopp og sprett, så går det stadig framover med ungdomsnykkene.

Vi gler oss til å følge Tuva og tiden som kjem.

Irta's Spotify

Fiffi beholdt vi etter Baluba sitt andre kull og ho bur til dagleg hos forverten Marte. Fiffi har hatt to kull Z og A her hjå oss. Fiffi er no omregistrert og er Marte sin eigen hund.

Vi har Zircca etter henne frå det første kullet.

Irta's Yoga

Yoga er vår første brune tispe etter vår eigen Ciboria's Queen Irta " Tesla". Ho beholdt vi frå vårt Y-kull på 9 og er vår eiga vesle dronning. Ho er si mor lik og utruleg snill og grei hund. 

Masse fart når det skjer noko, men likevel sindig og avbalansert i kvardagen. Vi gler oss til å sjå korleis Yoga utviklar seg. Ho er forløpig ei lita snerten tispe som treng tid til å utvikle seg.

 

 

N SEVCH Smart Fellow's Spreads The News

Kimsy er tispa som kom hit i april 2011 som 8 veker gamal kvelp. Eg køyrde 200 mil for å hente henne i Sverige hjå Yvonne Weserlund. Kimsy er familiens kjeldedegge, vil gjerne ha klapp og kos heile dagen frå små og store.

KIimsy er trena på spor, lydigheit, jakt og er stillt ut på utstilling. Kimsy er mor til vårt M-kull og vårt Q-kull

Les meir om Kimsy på henner side her

Våren 2020 flytta Kimsy til Rune og Torild i Nittedal for å nyte pensjonisttilværelsen med dei. Det gjer dei alle tre. Eg kunne ikkje funne betre pensjonstilværelse for Kimsy og dei kunne fortsetje med labrador, slik som dei sakna så fælt. Dei nyt kvar ein dag saman alle 3.

Ciboria's Queen Irta

Tesla kom til oss når ho var 8 veker gammal, då eg frå dette kullet  til Ciboria's valgte å ta att ein parringskvelp etter Ian og eg likte så godt mamma Ciboria's Malin når ho var her, så dette måtte eg berre gjere:-)

Tesla er vår sønns favoritthund. Ho går alltid fint med han når vi er på tur eller om han vil gå spor med henne. Ho legg seg gjerne på puta si på rommet hans når det er leggetid og er ein draum å ha  med seg overalt.

Tesla er mor til vårt W og Y kull.

Tesla fekk etter vårt Y-kull i 2019 livmorbetennelse og vi måtte derfor fjerne livmora. Men vi prisar oss lykkelege over at ho vart frisk og er hjå oss den dag i dag, for ho var faktisk så sjuk at dyrlegen ikkje trudde ho kom til å overleva inngrepet. 

Irta's Oleanna

Lea er vår vesle ramp, men det var håp sjølv med ein aktiv unghundstid. Ho er hopp og sprett og full av liv, men likevel den som komblar av på sofaen. No er ho ei meget stødig og voksen tispe.

Lea er snill som dagen er lang, men er smart og likar at det skjer noko. Ho lærer lynkjapt og elskar å jobbe for maten.

Lea er mor til vårt V-kull, vi  har forsøkt parre henne fleire gonger, men har ikkje lykkast. I 2019 etter eit nytt forsøk på kvelpar etter Lea, bestemte vi oss for å prøve finne ein ny aktiv familie til Lea der ho skal få lov å bu resten av sitt liv.  

 

Irta's Opal

Topsy som ho heiter til vanleg flytta som 6 mnd gammal til forvert Erna i Stryn, der dei går mykje turar og trenar både til utstilling og litt lydigheit.

Topsy er ei aktiv frøken, snill som dagen er lang og full guffe når det er noko som skjer.

Topsy er mor til vårt T-kull som vart fødde september 2016.

 

Irta's Irissiri

Iris var den einaste tispa i eit kull på 10 etter Dika. Med 2 unghundar og ein nabo som gjerne ville ha ein hund på for,var valget enkelt.
Vi beheldt Iris, men ho bur hjå naboen:-)

Iris er ei aktiv tispe som vert trena på blodspor. Iris er med familien både på ski, hytteturar og har delteke på utstilling fleire gonger. Iris har som sitt beste resultat 1xCERT og BIR, BIG 3.

Iris elskar å komme inn i hagen til "resten av flokken" og den som går tur med henne forbi gjerdet her utan å komme inn må dra ho med seg.

Iris er mor til vårt L-kull som vart født 1.januar 2012 og vårt O-kull født i 2013

Les meir om Iris på hennar eiga side her.

Irta's Kamomilla

Milla vart att her frå K- kullet hausten 2011.
Milla er ei lita frøken som dyrlegen meinte var død. Men neida ikkje i det heile. Milla starta skrika etter nokre minuttar og var slettes ikkje død. Så då var det vel meininga at ho berre skulle vera att her da. Så slik vart det.

Milla bur til dagleg frå høsten 2013 hjå Gro Ruvang hjå Svegro Kennel i Tønsberg saman med vår eigen NUCH NVCH Irta's Filiocus. Milla er mor til vårt R-kull, men ho vart dessverre sjuk av livmorbetennelse og måtte fjerne livmora høsten 2016.

Les meir om Milla på hennar side her: