Funny reiser snart til sin nye familie.

Funny kom til oss i juni 2012 som kvelp frå Latvia og var eit forsøk på å få inn ei ny linje her på kennel Irta. Etter at ho i mars vart røntga for HD og AD, fekk ho avlest grad C på HD og vi har valgt å ikkje bruke henne i avl.

Funny er frisk og rask og ho har aldri vore sjuk. Ho er aktiv i trening og roleg å ha i hus.

Funny reiser no til sin nye familie og ser fram til å vera saman med dei og deira andre labradortispe. Vi er sikre på at de kjem til å storkose dykk alle saman med Funny og hennar væremåte. Ynskjer lykke til både 2 og 4-beinte.

Funny er 14 mnd og er ein fantastisk herleg hund som alle likar. Ho er lydig og grei. God på innkalling, går fint i bånd, vant med baby i huset, oppvokst saman med andre hundar, går fint med både hannhundar og tisper. Enkel og grei hund.

Apporterer meget bra, har stort potensiale her for den som vil trene jakt. Glad i vatn og svømte som valp i fjorden her. Elskar å køyre bil, hoppar raskt inn i buret og vil vera med. Vandt til å vera med på det meste. Har prøvd seg litt på sportrening og systematisk lydigheitstrening, men kun nokre grunnferdigheiter er i boks.

Ho har vore på utstilling som valp og kan tilby ein logrande, ståande atferd.

 

 

Funny 6 januar 2013, nesten 11 mnd gammel

Helsestatus og Resultater

Etter: Liquido Rio Kompanija x Lima Anglable

Funny i hverdagen

Funny apporterer det meste i løpet av dagen. Alt frå milokanner fra badet, tøfler frå gangen, smukken til sønnen vår, flasker og om katta hadde vore litt meir velvillig, så hadde den nok fått seg ein bæretur rundt omkring i huset den og...

Del denne siden