Xelfie er 8 år og har hatt 2 kull her heime hjå oss. Ho ynskjer seg ein familie der ho kan få ein fin pensjonisttilværelse i mange år. Xelfie er sunn og frisk, energisk og med på det meste. Ho er glad i både andre folk og dye og ser gjerne etter ein stad å vera der det er andre hundar/kattar etc:-) Ho har heile livet budd heime hjå oss og er ikkje så særleg vant med å være aleinehund.
Xelfie går fint både med og utan bånd, kjem når du ropar. Ho er på ingen måte noko problem og har ikkje noko hastverk med denne avgjersla. Det må vera ein kjemi der som gjer at ho kan flytte og få ein innholdsrik pensjonisttilværelse.
Ho er trena litt i søksarbeid og markerer skinn og kong, men dette har med ikkje trena på lenge
Har ein uvane: Likar å makulere dorullar/dopapir om nokon ha gløymt å lukke døra til badet.
Ta kontakt om du vil vite meir om Xelfie.
Ælly er 6.5 år og vi har bestemt oss for at ho ikkje skal ha fleire kull her hjå oss, så vi vurderer å finne ein ny heim til henne. Ælly er mor til 2 kull her hjå oss. Ælly har gjennomført PADA-test hjå Dyrebar Omsorg og kan fint jobbe som terapihund med nokon som treng ein hund til dette. Eg skulle gjerne jobba meir med henne til skulehund, men har valt å heller satse på ein hund som er yngre og som har litt meir framtid når den er ferdigutdanna.
Ælly elskar folk og dyr, ligg gjerne med beina i været når ho søv, takkar gjerne ja til midten av senga og krabbar så nært ho kan for å kunne ta all den kos som måtte komme. Ho har ein fantastisk søks og apporteringslyst, men ein skade tidleg gjorde henne litt svekka i ein bakfor der ho har utvilka litt artrose med tiden. Ho er ikkje plaga av dette til dagleg, men ein kan kjenne ein fortetting i område der skaden skjedde og kan innimellom virke litt stiv.
Ta kontakt om du vil vite meir om Ælly.