Irta's Trixie

Irta's Trixie er etter Irta's Opal "Topsy" og Narjana's Olah Octavian.

Tisper som ikkje bur heime


For ikkje ha for mange hundar heime som krev både stell og trening er det slik at nokon har flytta til andre heimar, eller eg har hatt nokre tisper ute hjå forvert her i nærområde.

Alle hundane som bur heime er innehundar.

Lyonettes An Evening in Paris

Emma kom til oss når ho var 7 mnd gammel og gjekk rett inn i flokken. Emma er ei skikkeleg kosejente og snill, tolmodig med både to og firbeinte. Ho kan vera litt uskyldig og rampete og elskar fart og spenning. God til å bruke nasen og lett på foten. Ei aktiv tispe med fart, men god avknapp når det ikkje er noko spesielt som skjer. Ei herleg tispe som vi er veldig glade for å ha fått hjå oss.

Emma er på "utlån" hos Line som trengte å låne seg ein voksen hund. Dei kosar seg veldig.

Emma har vore på utstilling og har CERT som sitt beste resultat.

Irta's Qutee

"Tuva" beheldt vi etter Kimsy sitt Q-kull og bur til dagleg hjå forvert Anne og Bjørn. Anne og Bjørn trengte akkutt ny hund og dermed stakk eg innom å "lånte vekk Qutee" men ho fekk nytt navn "Tuva" og vart verande hjå dei.

Tuva kosar seg med Bjørn og lange turar kvar einaste dag, dei trener henne til å være med overalt og sjølv med litt lopper i blodet og hopp og sprett, så går det stadig framover med ungdomsnykkene.

Vi gler oss til å følge Tuva og tiden som kjem.

Irta's Spotify

Fiffi beholdt vi etter Baluba sitt andre kull og ho bur til dagleg hos forverten Marte. Marte og Fiffi trener på det meste.

Vi gleder oss til å følge Marte og Fiffi vidare i alt dei har tenkt å få til saman.

Irta's Utopia

Irta's Utopia"Luna" er etter Baluba og Yes. Ho bur til dagleg i Årdal og kosar seg med full oppmerksomheit av foreldre, besteforeldre, hundevenner i nabolaget, hyttetur og alt det ein liten kvelp måtte ynskje seg.

 

Pensjonerte tisper

N SEVCH Smart Fellow's Spreads The News

Kimsy er tispa som kom hit i april 2011 som 8 veker gamal kvelp. Eg køyrde 200 mil for å hente henne i Sverige hjå Yvonne Weserlund. Kimsy er familiens kjeldedegge, vil gjerne ha klapp og kos heile dagen frå små og store.

KIimsy er trena på spor, lydigheit, jakt og er stillt ut på utstilling. Kimsy er mor til vårt M-kull og vårt Q-kull

Les meir om Kimsy på henner side her

Ciboria's Queen Irta

Tesla kom til oss når ho var 8 veker gammal, då eg frå dette kullet  til Ciboria's valgte å ta att ein parringskvelp etter Ian og eg likte så godt mamma Ciboria's Malin når ho var her, så dette måtte eg berre gjere:-)

Tesla er vår sønns favoritthund. Ho går alltid fint med han når vi er på tur eller om han vil gå spor med henne. Ho legg seg gjerne på puta si på rommet hans når det er leggetid og er ein draum å ha  med seg overalt.

Tesla er mor til vårt W og Y kull.

Tesla fekk etter vårt Y-kull i 2019 livmorbetennelse og vi måtte derfor fjerne livmora. Men vi prisar oss lykkelege over at ho vart frisk og er hjå oss den dag i dag, for ho var faktisk så sjuk at dyrlegen ikkje trudde ho kom til å overleva inngrepet. 

Irta's Oleanna

Lea er vår vesle ramp, men det var håp sjølv med ein aktiv unghundstid. Ho er hopp og sprett og full av liv, men likevel den som komblar av på sofaen. No er ho ei meget stødig og voksen tispe.

Lea er snill som dagen er lang, men er smart og likar at det skjer noko. Ho lærer lynkjapt og elskar å jobbe for maten.

Lea er mor til vårt V-kull, vi  har forsøkt parre henne fleire gonger, men har ikkje lykkast. I 2019 etter eit nytt forsøk på kvelpar etter Lea, bestemte vi oss for å prøve finne ein ny aktiv familie til Lea der ho skal få lov å bu resten av sitt liv.  

 

Irta's Opal

Topsy som ho heiter til vanleg flytta som 6 mnd gammal til forvert Erna i Stryn, der dei går mykje turar og trenar både til utstilling og litt lydigheit.

Topsy er ei aktiv frøken, snill som dagen er lang og full guffe når det er noko som skjer.

Topsy er mor til vårt T-kull som vart fødde september 2016.

 

Irta's Irissiri

Iris var den einaste tispa i eit kull på 10 etter Dika. Med 2 unghundar og ein nabo som gjerne ville ha ein hund på for,var valget enkelt.
Vi beheldt Iris, men ho bur hjå naboen:-)

Iris er ei aktiv tispe som vert trena på blodspor. Iris er med familien både på ski, hytteturar og har delteke på utstilling fleire gonger. Iris har som sitt beste resultat 1xCERT og BIR, BIG 3.

Iris elskar å komme inn i hagen til "resten av flokken" og den som går tur med henne forbi gjerdet her utan å komme inn må dra ho med seg.

Iris er mor til vårt L-kull som vart født 1.januar 2012 og vårt O-kull født i 2013

Les meir om Iris på hennar eiga side her.

Irta's Kamomilla

Milla vart att her frå K- kullet hausten 2011.
Milla er ei lita frøken som dyrlegen meinte var død. Men neida ikkje i det heile. Milla starta skrika etter nokre minuttar og var slettes ikkje død. Så då var det vel meininga at ho berre skulle vera att her da. Så slik vart det.

Milla bur til dagleg frå høsten 2013 hjå Gro Ruvang hjå Svegro Kennel i Tønsberg saman med vår eigen NUCH NVCH Irta's Filiocus. Milla er mor til vårt R-kull, men ho vart dessverre sjuk av livmorbetennelse og måtte fjerne livmora høsten 2016.

Les meir om Milla på hennar side her: